Hopp til innhald

Sommar-OL 1900

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei 2. olympiske sommarleikane

VertsbyParis i Frankrike
Nasjonar24
Øvingar95
Idrettsgreiner19
Opna14. mai 1900
Avslutta28. oktober 1900
Utøvarar
Menn975
Kvinner22
Totalt997
Dei olympiske sommarleikane
Aten 1896 St. Louis 1904

Sommar-OL 1900, offisielt Dei 2. olympiske sommarleikane, vart halde i Paris i Frankrike. Sjølv om Hellas ynskte å skipe til OL kvar gong, avgjorde Den internasjonale olympiske komitéen (IOK) at OL skulle haldast ulike stader kvar gong.

Det vart ikkje arrangert nokon opnings- og avslutningsseremoni. Leikane vart halden frå 14. mai til 28. oktober 1900, som ein del av Verdsutstillinga i Paris 1900.

I desse leikane fekk kvinner lov til å delta for fyrste gong, og den sveitsiske seglaren Hélène de Pourtalès vart den fyrste kvinnelege utøvaren, medan den engelske tennisspelaren Charlotte Cooper vart den fyrste kvinnelege meisteren.

Medaljestatistikk

[endre | endre wikiteksten]
Dei 10 beste nasjonane
PlassLandGullSølvBronseTotalt
1 Frankrike25363192
2 USA20141549
3 Storbritannia166931
4 Sveits6118
5 Belgia55515
6Blanda lag43310
7 Tyskland3227
8 Italia2103
9 Australia2035
10 Danmark1326

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • «Paris 1900 Summer Olympics» (på engelsk). olympic.org. Henta 21. januar 2017.