Hopp til innhald

Carl Frode Tiller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Frode Tiller

NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd4. januar 1970 (56 år)
Namsos
YrkeForfattar
Språknynorsk
Periode2001-
PrisarBrageprisen i skjønnlitteratur for voksne, Tarjei Vesaas' debutantpris, Aschehougs debutantstipend, Mads Wiel Nygaards legat, Lyttaranes romanpris, Lyttaranes romanpris, Sult-prisen, Nord-Trøndelag fylkes kulturpris, EUs litteraturpris
DebutSkråninga
Nettstadcftiller.no
Carl Frode Tiller på Commons

Carl Frode Tiller (fødd 4. januar 1970)[1] er ein norsk forfattar, historikar og musikar frå Namsos.

Tiller forfattardebuterte med romanen Skråninga i 2001. Boka vart svært godt teken mot av kritikarane og han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris og P2-lytternes romanpris for henne. Romanen Innsirkling frå 2007 gav han Brageprisen. Han vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris for både Innsirkling og Innsirkling 2, og fekk European Union Prize for Literature i 2009 for Innsirkling. Tiller skriv bøkene sine på nynorsk.

Bøkene hans har vorte omsette til svensk, dansk, islandsk, fransk, tsjekkisk, ungarsk og tysk.[2]

Saman med Håvard Thørring er han gruppa Kong Ler, som har utgjeve to CD-ar.

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Skråninga roman (2001)
  • Bipersonar roman (2003)
  • Innsirkling roman (2007)
  • Folkehelsa skodespel (2009)
  • Skråninga skodespel (2010)
  • Innsirkling 2 roman (2010)
  • Innsirkling 3 roman (2014)
  • Portrett av ein varulv skodespel (2011)
  • Arbeidarhjerte bok 1 roman (2024)
  • Arbeidarhjerte bok 2 roman (2025)

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Kong Ler - Smil! CD (1997)
  • Kong Ler - Sauter, et bakterievorspiel bak beingrinda CD (2000)

Teateroppføringar

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ««Carl Frode Tiller»». forfatterkatalogen.no. Henta 12. april 2012.
  2. «Tiller, Carl Frode». aschehoug.no. Henta 11. desember 2011.
  3. Bjørnsonstipendet, Bjørnsonfestivalen, arkivert frå originalen 6. januar 2014, henta 6. januar 2014
  4. Tiller hedret med Sultprisen, NRK Trøndelag

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]