Carl Jenssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl Jenssen
Fødd 1. januar 1869
Død 2. juni 1923

Carl Edvard Jenssen (1. januar 18692. juni 1923) var ein norsk jarndreiar frå Moss som var stortingsmann 1913-15 for Arbeidarpartiet.

Jenssen var son til ein sliperimeister. Sjølv arbeidde han òg på sagbruk frå han var 14 til 17 år gammal. Han vart så tilsett på Moss mekaniske verksted, der han i alle dei år jobba som jarndreiar.

Jenssen var medlem av bystyret Moss frå 1901 og formannskapet frå 1907 til 1922. Elles var han medlem av verjerådet i Moss. Jenssen var ein pådrivar i arbeidarrørsla i Østfold-byen. Han var såleis sentral bak reisinga av Folkets hus og i fem år leiar av arbeidarane si handelsforeining. Perioden 1906-11 var han formann i den lokale arbeidarforeininga.

Tingbolken 1913-15 representerte Jenssen einmannskrinsen Moss og DrøbakStortinget. Han var då ein av 21 Arbeidarparti-representantar, med sete i både Lagtinget og i Justiskomite nr 1. Jenssen høyrde til «den gamle retning» i Arbeidarpartiet, og var medlem i Noregs Sosialdemokratiske Arbeidarparti då han døydde etter eit «længere, smertefuldt sykeleie».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]