Carl Johan Ruth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Johan Ruth
Fødd 21. juli 1818
Død

8. november 1852 (34 år)

Carl Johan Ruth (21. juli 18188. november 1852) var handelsmann i Kautokeino frå 1844 til han vart drepen under Kautokeino-opprøret.

Carl Johan Ruth vart fødd i Gæddvik i Nederluleå i Sverige. Foreldra hans var gardbrukaren Jöns Hansson og Maria Greta Jakobsdotter.

På 1840-talet hadde Ruth arbeid som handelsbetjent. I 1844 fekk han løyve til å drive gjestgjevarhus og landhandel i Kautokeino. Han var den første som fekk slikt løyve på staden, tidlegare hadde handelen vore avgrensa til marknadsdagane, då kjøpmenn frå m.a. Alta sende betjentar til staden.

I 1847 var han gift med Hansine Eleonore Holmboe, f. 1824, sonedotter til futen Jens Holmboe. Som gjestgjevar hyste Ruth i periodar både lensmann og prest. Konflikt rundt brennevinssalet var eit element under uroa i Kautokeino tidleg på 1850-talet, og då uroa toppa seg 8. november 1852, vart han drepen under overfallet på handelsstaden.

Ruth vart gravlagd ved Kåfjord kyrkje . Her vart òg det tredje barnet deira døypt sommaren etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]