Carl Konow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl Konow
Fødd20. februar 1806
Død6. november 1876
NasjonalitetNoreg
Yrkeforretningsdrivande, politikar
FarWollert Konow

Carl Konow (20. februar 18066. november 1876) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Bergen. Wollert Konow den eldre var far hans.

Konow gjekk 1821-23 i handelslære på ein skule i [[Brixton] i England. Frå 1823 dreiv han handel i heimbyen Bergen gjennom eige handelshus. Seinare vart han medeigar i firmaet Johan C. Martens & Co. Han var medlem av formannskapet i Bergen 1840-48, forlikskommissær frå 1862. Direktør i Bergens Privatbank 1856-70.

Konow representerte Bergen på Stortinget 1848-51 og 1857-58. I 1848 var han sekretær i konstitusjonskomiteen og komiteen om pengekrisa, dessutan medlem av komiteen om skattestellet i byane. Han var i 1851 medlem av komiteen om jarnbaneanlegg, og både i 1851 og 1857 medlem av budsjettkomiteen. 1857 og -58 medlem av valkomiteen, på siste tinget også medlem i komiteen om statslån. I 1851 reiste han til Spania som utsending frå regjeringa, målet var å få redusert tollsatsane på fisk.

Han døydde i Bergen i 1876.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914