Carlo Azeglio Ciampi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carlo Azeglio Ciampi
Ciampi ritratto.jpg
Fødd9. desember 1920
Livorno
Død16. september 2016 (95 år)
Statsborgar avItalia, Kongedømet Italia
PartiPartito d'Azione
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, bankier
Utdanna vedScuola normale superiore
Universitetet i Pisa
EktefelleFranca Pilla
MedlemAccademia della Crusca
VervStatsminister i Italia 1993-1994
FøregangarGiuliano Amato
EtterfylgjarSilvio Berlusconi
VervPresident i Italia 1999-2006
FøregangarOscar Luigi Scalfaro
EtterfylgjarGiorgio Napolitano

Carlo Azeglio Ciampi (9. desember 192016. september 2016) er ein italiensk politikar som var presidenten i Italia frå 13. mai 1999 til 15. mai 2006.

I 1941 tok han ein akademisk grad i litteratur frå Scuola Normale de Pisa, eit av dei mest prestisjetunge universiteta i Italia. Han studerte så jus ved Universitá de Pisa, og tok graden sin i 1946. Same år byrja han å jobbe for Banca d'Italia, den italienske sentralbanken.

I 1960 vart han tilsett sentraladministrasjonen i Banca d'Italia. Han vart generalsekretær i banken i 1973, visegeneraldirektør i 1976 og generaldirektør i 1978. I oktober 1979 vart han guvernør for banken, og president for Ufficio Italiano Cambi. Desse stillingane hadde han til 1993.

Frå april 1993 til mai 1994 var han statsminister i Italia, og leia ei teknisk koalisjonsregjering. Frå 1996 til 1999 var han finansminister i landet, og hadde blant anna ansvaret for innføring av euro som ny valuta.

Ciampi vart i 2001 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.