Carnacmegalittane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carnacmegalittane, rekkjene Alignement de Kermario.
Eit anna parti av Alignement de Kermario.
Dolmen (gravkammeret) i Kermario-rekkjene.
Menhirar reist i ein halvkrins i enden av rekkjesystemet Ménec.
Gigantsteinen Manio (Le géant du Manio).

Carnacmegalittane, fransk: alignements de Carnac (Carnac-rekkjene), er lange rekkjer av oppsette store bautastein såkalla megalittar eller menhirar, med innslag av megalittiske gravkonstruksjonar (dolmar og ganggraver), som ligg i kommunen Carnac i département du Morbihan i Bretagne i Nordvest-Frankrike. Dette komplekset er rekna for å vere dei mest imponerande og sjåverdige megalittmonumenta i verda, med nesten 4000 oppsette stein på ei strekning på meir enn fire kilometer mellom la baie de Plouharnel (Plouharnel-bukta) og elva Trinité-sur-Mer. Dei markerar i røynda møtet mellom to ulike terrengområde, eit kystområde i sør og eit innlandsområde i nord. Det er mogleg at rekkjene opphavleg har nådd fram til elva Crach, og vil då ha vore om lag åtte kilometer lange.

For å verne og teke vare på steinsettingane og området dei ligg i, har området vore stengd for publikum om sommaren frå 1991, men vert framleis halde ope om vintaren. Det synte seg at den frie tilgangen til området i sommarhalvåret førte til øydeleggingar og veltingar av menhirane og slitasje på terrenget.

Steinrekkjene[endre | endre wikiteksten]

Det er fire steinrekkjesystem i Carnac, som alle hovudsakleg er orientert i vest-austretninga: Le Ménec, Kermario, Kerlescan og Le Petit Ménec. Hovudretninga er frå sør-vest til nord-est (N 65°), ettersom talet på menhirar aukar mot aust. Le Ménec er 1165 meter lang og hundre meter brei og inneheld 1099 menhirar i elleve liner, med ein fire meter høg stein som den høgste. Le Ménec held fram mot sør-vest som ein cromlec, som er nemninga for ein sirkel av reiste steinar, og denne cromlech'en er framleis på 71 steinblokker, jamvel om dei nokre av dei ligg i landsbyen Ménec. I aust ligg det og ein cromlech, strekt øydelagt. Kermario, med gigantsteinen le Manio, er den mest kjende og mest vitja av Carnac-rekkjene, ettersom det er her ein finn dei største megalittanen eller menhirane, til saman 982 menhirar i ti liner. Kerlescan inneheld 540 menhirar fordelt på tretten liner over eit areal på 3,50 hektar. I enden ligg ein cromlech på 39 menhirar. Kerlescan-rekkjene held fram gjennom ein skog.

Tidfesting[endre | endre wikiteksten]

Steinrekkja Kermario, som truleg er av same alder som steinrekkja Kerlescan, ser ut til å vere bygd over gravhaugen le Manio, som er tidfesta til 4000-3500 år før Kr.f, og ein trur at bygginga av steinrekkjene elles har skjedd litt tidlegare i yngre steinalder[1].

Fortnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. J. L'Helgouach, L'apport des recherches récentes à la connaissance des monuments mégalithiques de Bretagne, Problème der Megalithgräberforschung, Vorträge zum 100. Geburtstag von Vera Leisner, Deutsche Archàologisches Institut Abteilung Madrid (Madrider Forschungen, Band 16), Walter de Gruyter, Berlin, 83-111.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]