Megalitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei gule områda syner utbreiinga av megalittar i Europa, Midt-Austen og Nord-Afrika.
Dolmen de Crucuno i Plouharnel i Morbihan i Bretagne i Nordvest-Frankrike er tidfest til 4000 år f.Kr, og har truleg vore eit gravkammer. Dekksteinen på toppen er rekna til å vege førti tonn.
Rekkjer av megalittar i Carnac i Bretagne i Nordvest-Frankrike.
Det indre av ganggrava, «jættestuen», i gravhaugen Birkehøj på Sjælland i Danmark, tidfest til 3000 f.Kr., restaurert i 2002-2003.

Megalitt er i arkeologisk og kulturhistorisk språkbruk ei fellesnemning for forhistoriske monument og byggverk av ulike slag, kjenneteikna av at det er nytta sers stor stein som ikkje er tilhoggen eller berre grovt tilhoggen. Ordet megalitt skriv seg frå gresk μέγας mégas «stor» og λίθος líthos «stein», og tydar såleis «stor stein», kampestein, altså ein stor naturleg stein. Megalittar finst i Georgia, Tyrkia, Syria, Palestina, India, Vietnam, Korea, Nord-Afrika, Sør-Amerika, på Madagaskar og i Europa, utan at det har vore noko samband eller annan påverknad mellom alle desse stadane.

Europeiske megalittar[endre | endre wikiteksten]

I europeisk arkeologisk samanheng vert omgrepet megalitt, megalittiske monument og byggverk berre nytta om dei typane innretningar av stor stein som finst særleg i middelhavslanda, Vest-Europa og Sør-Skandinavia, og som er tidfesta til yngre steinalder og bronsealderen. Dette kan vere alt frå store frittståande bautastein, menhirar, store steinar plassert i radar eller sirklar, eller bygningsliknande konstruksjonar av slik stor stein som har tent som gravkammer. Slike storsteins-gravkammer kan vere alt frå fleire store gravkammer bundne saman med gangar og dekte med kuplar (falske kvelv), til enklare såkalla dyssar (frå dansk med opphav i islandsk), dolmar (frå bretonsk) og ganggraver. I dyssane og dolmane dannar ståande steinar veggane i gravkammeret, medan taket er ein stor stein (i somme høve fleire store steinar) på toppen av dei. Slike gravkammer står no vanlegvis fritt i terrenget, men ein reknar med at dei opphavleg har vore dekte av ein jordhaug, eventuelt ei røys og såleis vore gravkammer i store gravhaugar og gravrøysar, vanlegvis til bruk for fleire gravleggingar over tid. I Noreg er det berre funne leivningar av nokre få og små slike konstruksjonar, tidfest til den seinaste parten av steinalderen.

Dysse[endre | endre wikiteksten]

Dysse er ei grav som vanlegvis er bygd av fire-fem store steinar med ein tung dekkstein over, i somme høve fleire steinar, og som kan ha vore dekt av ein sirkulær eller avlang jordhaug (runddysse, langdysse). Dei minste er meir som ei gravkiste bygd av steinar og lagd for berre ei einskild gravlegging, medan dei større er lagde for fleire gravleggingar over tid, på same måte som megalittgraver elles. Golvet i gravkammeret kan vere dekt av ei steinlegging eller av sand. I Sør- og Vest-Sverige, Danmark og Nord-Tyskland finst slike graver i etter måten store mengder, tidfesta til den seinare bolken i den eldste perioden av yngre steinalder. Dei har òg vore nytta samstundes med yngre typar megalittgraver. Dyssar som er bygde med ein stutt gang framfor sjølve inngangen til gravkammeret, har truleg hatt dei såkalla ganggravene som førebilete. Liknande og heilt like megalittiske gravbygningar (dolmen) er kjente over heile Vest-Europa, i Nederland, Frankrike, England, Spania, Portugal, og i dei fleste av landa innover langs Middelhavet og i den søraustlege luten av Europa.

Megalittkultur(ar)[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare teoriar gjekk ut på at megalittmonumenta har si bakgrunn i ein megalittkultur (såkalla arkeologisk kultur), eller eventuelt fleire nærskyld megalittkulturar. Analysar av form, byggemåten og bruken av megalittgravene skulle kunne gje opplysningar om geografisk opphavsområde, spreiing og utvikling av denne kulturen, som ein gjekk ut frå hadde sitt opphav i sør og deretter hadde spreidd seg i kystområda nordover i Europa. Men ein rad med radiologiske dateringar (C-14-dateringar) syner at det finst eldre megalittmonument i Vest-Europa enn i områda kring Middelhavet, så desse moderne tidfestingsresultata motseier denne gamle teorien. Det tykkjer difor vere meir truleg at det er einskildgrupper som kvar for seg har utvikla denne typen monument, og at likskapen skuldast at desse folkegruppene har hatt stor likskap i sin tru og sine førestillingar om korleis verda hang i hop. På grunn av likskapen i synet på den plassen og dei funksjonane som maktar og menneske hadde i denne og den komande verda, vart det òg likskap i måten dei gav sine førestillingar uttrykk på i sine kultiske handlingar, i sine gravferdsritual, og så bortetter. Slik vart det òg likskap mellom dei monumenta og byggverka som kulthandlingane deira kravde. Men likskapen var kan hende ikkje så stor over heile dette geografiske området den gongen monumenta var i rituell bruk i sine opphavlege omgjevnader og med sitt opphavlege og forgjengelige utstyr, som dei framstår for oss i vår tid.

Megalittar i Amerika[endre | endre wikiteksten]

Megalittar i Amerika[1] frå førkolumbisk tid er ikkje så storslegne som dei vesteuropeiske frå yngre steinalder og bronsealder. Dei mest sjåverdige finst i Colombia, der store steinar med ornamentikk ofte markerer inngangen til gravhaugar. I Brasil finst det nord i delstaten Amapá sirklar med ståande store steinar som liknar mykje på dei som finst i Europa: om lag 130 reiste steinar som kan vere opp til tre meter høge er plasserte i ein sirkel med tverrmål på eit trettitals meter, og er rekna for å ha å gjere med observasjonar av himmelen og ritual i samband med det. I den arktiske sonen, særleg på halvøya Ungava aust for Hudsonbukta, finst det røyser som kan gå opp i fleire meters høgde og ha varierande og til dels komplekse formar, tidfesta til mellom 600 år f.Kr. fram til tusentalet e.Kr. Dei har truleg markert vegar, kultstadar og anna.

Megalittar i Afrika[endre | endre wikiteksten]

Megalittar er særs talrike i Afrika[2], og har ofte med graver å gjere, men kan òg markere landområde eller vere prestisjesymbol. Alderen på megalittgraver varierer, frå meir enn 5000 år f.Kr. for nokre megalittgraver nord i Niger, til å kunne vere så unge som frå 1800-talet etter Kr.f. i sentrale deler av Angola.

Nord på kontinentet er det registrert både små graver som ofte berre er meint for eit einskild individ, graver av større dimensjonar, og store megalitthaugar som truleg inneheld meir enn eit individ. Lenger sør, i Niger, er det registrert fire typar megalittgraver, mellom anna ganggraver. I Etiopia har det vore vanleg å markere grava med dekorerte steinar som kan vere meir enn to meter høge og markerer statusen til den avlidne, gravlagt ved foten av steinen. I sentrale Afrika er det registret samlingar av magalittkonstruksjonar, og i Den sentralafrikanske republikk er nokre av dei som har vorte utgrave og granska arkeologiske, har synt seg del å ha vore graver, dels ha vore markeringar av territorium. I Angola er det megalittkonstruksjonar i heile dei sentrale og sørlege lutene av landet, og storleiken samsvarer med den avlidne sin status. Arkeologiske granskingar har synt at nokre av konstruksjonane er tomme, medan andre hyser fleire individ.

Nokre døme på dyssar kringom i verda[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pascal Mongne i Mogne, Pascal & Philippe Marquis, Dictionnaire de l'Archéologie, Paris 2008, side 241-242, ISBN 978-203-583330-3
  2. Manuel Gutierrez i Mogne, Pascal & Philippe Marquis, Dictionnaire de l'Archéologie, Paris 2008, side 242-243, ISBN 978-203-583330-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]