Menhir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rekkjene i Carnac i Bretagne i Frankrike inneheld meir enn eit tusentals bautasteinar.
Menhir (bautastein) i Évora i det sentrale Portugal.
Dei fire stykka av den nedfalne menhiren som har fått namnet Grand menhir brisé d'Er Grah ligg på bakken i Locmariaquer i Morbihan i Frankrike.

Menhir er den franske og engelske arkeologiske nemninga på slike reiste steinar frå forhistorisk tid som på norsk vanlegvis vert kalla bautastein. Men ordet menhir (og menhirar) vert òg nytta i norsk arkeologisk samanheng, men då helst om dei store bautasteinane og bautasteinrekkjene som finst i Bretagne i Nordvest-Frankrike, og som vert tidfesta til yngre steinalder.

Det er språket i Bretagne som har gjeve opphavet til nemninga menhir, som kjem seg av bretonsk maen, som tydar stein, hir, som tydar lang, altså lang stein. Det skal visstnok ha vore den franske forfattaren Théophile-Malo de La Tour d'Auvergne-Corret som var den fyrste som bidrog til å gjere «menhir» til eit vanleg kjend omgrep for desse bautasteinane ved å nytte ordet i verket Origines gauloises. Celles des plus anciens peuples de l'Europe puisées dans leur vraie source ou recherche sur la langue, l'origine et les antiquités des Celto-bretons de l'Armorique, pour servir à l'histoire ancienne et moderne de ce peuple et à celle des Français («Gallarane sitt opphav. [...]»), utgjeve mellom 1792 og 1796.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]