Caroline Herschel
Caroline Herschel | |
![]() | |
Fødd | Caroline Lucretia Herschel 16. mars 1750 Hanover |
---|---|
Død | 9. januar 1848 (97 år) Hannover |
Nasjonalitet | Tysk |
Område | Astronomi |
Yrke | astronom, matematikar, songar |
Institusjonar | Storbritannia |
Kjend for | Oppdaging av kometar |
Medlem | Royal Astronomical Society |
Caroline Lucretia Herschel (16. mars 1750–9. januar 1848) var ein tysk-britisk astronom og syster til astronomen sir William Herschel, som ho arbeidde i lag med gjennom heile karrieren sin. Dei viktigaste bidraga hennar til astronomien var oppdaginga av fleire kometar og særleg den periodiske kometen 35P/Herschel-Rigollet, som ber namnet hennar.[1] Ho oppdaga òg fleire tåker.
Ho var den første kvinna som fekk betalt for bidraga sine til vitskapen, og fekk Royal Astronomical Society sin gullmedalje (1828), og vart utnemnd til æresmedlem i Royal Astronomical Society (1835, med Mary Somerville). Ho var òg æresmedlem i Royal Irish Academy (1838). Kongen av Preussen gav ho ein vitskapsmedalje i gull i høvet 96-årsdagen hennar i 1846.[2]
Asteroiden 281 Lucretia (oppdaga 1888) vart kalla opp etter det andre førenamnet til Herschel. Krateret C. Herschel på månen er òg kalla opp etter ho.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Caroline Herschel» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Denne artikkelen inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eige: Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.