Carsten Thomassen (1969-2008)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carsten Thomassen (1969-2008)
Fødd 15. mai 1969
Noreg
Død

14. januar 2008
Kabul

Yrke journalist, skribent

Carsten Thomassen (15. mai 196914. januar 2008) var ein norsk journalist og forfattar. Han hadde arbeidd som utanriksreportar for Dagbladet i ni år då han blei skoten og drepen i samband med eit åtak mot Hotel Serena i Kabul i Afghanistan.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Carsten Thomassen hadde bakgrunn frå oppvekst i Frankrike og på Madagaskar, der far hans var misjonær. Han var utdanna ved Gimlekollen Mediesenter og hadde grunnfag historie. Han starta si journalistiske karriere i redaksjonen i Natur og Ungdom sitt tidsskrift. I 1990-åra byrja han i avisa Klassekampen og slutta der etter at redaktør Paul Bjerke blei oppsagt i 1997. Han arbeidde også ei tid som frilans for Dagens Næringsliv, og for Vårt Land sommaren 1998. Thomassen arbeidde i Dagbladet frå 1999, og blei fast tilsett i 2001[1]. Han arbeidde i avisa si samfunns- og utanriksavdeling.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. VG: Dagbladet-journalist drept, publisert 14. januar 2008