Castellón de la Plana
Castellón de la Plana | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Valencia | ||
Provins | Castellón | ||
Høgd | 30 m | ||
Areal | 111,33 km² | ||
Folketal | 180 379 (2024) | ||
Grunnlagd | 1251 | ||
![]() Castellón de la Plana 39°59′10″N 0°02′15″W / 39.985980555556°N 0.037438888888889°W | |||
Wikimedia Commons: Castellón de la Plana |
Castellón de la Plana (valenciansk Castelló de la Plana) er provinshovudstaden i Castellón i regionen Valencia i Spania aust på Den iberiske halvøya på Costa del Azahar ved Middelhavet. Byen har opp under 180 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Den første kjende bygningen i området var den mauriske borga Fadrell, nær Alquerías de La Plana. Byen vart offisielt grunnlagt i 1251 etter at det mauriske kongedømet Valencia vart erobra av kong Jakob I av Aragon i 1223. Jakob gav kongeleg løyve til å flytte byen frå fjella til sletta nedanfor den 8. september 1251, og segna fortel at flyttinga var ferdig den tredje søndagen i faste i 1252. I mellomalderen var byen verna av vollgraver, murar og tårn, og det vart bygd ei kyrkje. Seinare kom det ein katedral. På 1600-talet var byen ein av dei siste skansane i Revolta de les Germanies (dei lokale lauga). Han støtta erkehertug Karl av Austerrike i den spanske arvefølgjekrigen (1701–1714), men vart seinare erobra av troppane til Filip d'Anjou.
På 1800-talet vart bymurane riven ned og byen utvida seg sakte, ein prosess avbroten av den spanske sjølvstendekrigen mot Napoleon (1804–1814) og karlistkrigane (1833–1863). I 1833 vart Castellón hovudstad i ein ny provins. På andre halvdel av 1800-talet vokste byen igjen, særleg etter at jernbanen kom og hamna vart utvida.
I 1991 vart Jaume I universitet oppretta. Den lokale økonomien er i dag basert på industri og handverk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Castellón de la Plana» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2009.