Cato Sanden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cato Sanden
Fødd20. februar 1954
FødestadBergen
Død3. mai 2005 (51 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar
PrisarSpellemannprisen i roots og country, Spellemannprisen i roots og country

Cato Sanden (20. februar 19543. mai 2005), var ein norsk artist, gitarist og låtskrivar frå Bergen. Han var sentral i det bergenske musikkmiljøet, og leiande innan norsk countryrock

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han var med å starte countryrockbandet Flying Norwegians i 1973 saman med Jarle Zimmermann, Rune Walle, Gunnar Bergstrøm og Johannes Torkelsen. I 1984 debuterte han som soloartist med albumet Cato Sanden etter at Åge Aleksandersen hadde overbevist han om at han hadde godt nok låtmateriale til dette. Seinare har Sanden gjeve ut fleire album. Han har motteke to Spellemannprisar og fleire gullplater. Den andre plata, Living Today, vart den mest selde plata i Noreg i 1986. På denne plata var Cato Sanden sin største hit, Let's Go For Freedom.

Han har òg arbeidd med Vassendgutane.

Like før han døydde var han i ferd med å gjenforeine Flying Norwegians, og dei spelte på scenen berre ei veke før han brått døydde av hjarteinfarkt heime på Askøy.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1974: New Day (Flying Norwegians)
  • 1984: Cato Sanden
  • 1986: Living Today
  • 1987: Once a Hero
  • 1989: Skål for dette landet
  • 1991: My Country
  • 1992: Best of Cato Sanden
  • 1993: New Steps
  • 1996: Still Riding (Flying Norwegians)
  • 1999: Crossroads of My Life
  • 2001: Cross My Heart