Hopp til innhald

Cecilie Ore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cecilie Ore

Fødd19. juli 1954 (71 år)
FødestadOslo
OpphavNoreg
Verka somkomponist
PrisarArne Nordheims komponistpris, Hans Christian Ostrøs minnepris, Edvard-prisen i samtidsmusikk

Cecilie Ore (fødd 19. juli 1954) er ein norsk komponist fødd i Oslo. Ho har komponert instrumentale, vokale og elektroakustiske verk og vunne fleire prisar.

Cecilie Ore studerte klaver ved Norges musikkhøgskole og i Paris (1974-81) og fortsette deretter med komposisjonsstudiar ved Institutt for Sonologi i Utrecht og med Ton de Leeuw ved Sweelinck-konservatoriet i Amsterdam (1981-86).

I løpet av 1980-åra vart Ore internasjonalt anerkjend for fleire av dei elektroakustiske verka sine. Blant anna vann ho både 1. og 2. pris ved International Rostrum for Electro-Acoustic Music 1988 for Etapper. Same året mottok ho Norsk Komponistforening sin pris Årets Verk for orkesterverket Porphyre, og Statens Garantiinntekt for Kunstnere.[1] I 2004 fekk Ore Arne Nordheims komponistpris.

Utvalde verk

[endre | endre wikiteksten]
  • 1984 Helices
  • 1984 Im-Mobile
  • 1986 Porphyre
  • 1988 Etapper
  • 198889 Praesens Subitus
  • 1991 Erat Erit Est
  • 1992 Futurum Exactum
  • 199293 Lex Temporis
  • 199394 Nunc et Nunc
  • 1997 Ictus
  • 1999 Nunquam Non
  • 2003 A Ein skuggeopera
  • 2008 Dead Beat Escapement
  • 2013 Come to the Edge!
  • 2015 Adam & Eve – a Divine Comedy
  • 2016 Dead Pope on Trial
  • 2017 The Fig Leaf Campaign! For vocal ensemble or choir
  • 2017 The Pregnant Pope! For vocal ensemble or choir
  1. AuthorBeate, Cecilie Ore, arkivert frå originalen 8. november 2019, henta 8. november 2019