Centre i Haiti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Centre i Haiti
Land  Haiti
Hovudstad Hinche
Areal 3 675 km²
Folketal 678 626 (estimat 2010)
Folketettleik 184,7/km²
Kart
{{{namn}}} på kartet

Centre (haitisk: Sant) er eit av ti departement i Haiti. Det ligg sentralt i landet, og grensar til Nord og Nord-Est i nord, Den dominikanske republikken i aust, Ouest i sør og Artibonite i vest. Det er elles det einaste departementet i Haiti utan kystlinje. Hovudstaden er Hinche.

Vasskraftverket Péligre, som produserer mykje av straumen i Haiti, og som er det største av sitt slag i Karibia, ligg i Centre.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Departementet Centre er delt inn i 4 arrondissement og 12 kommunar:

  • Arrondissement de Cerca-la-Source
    1. Cerca-la-Source
    2. Thomassique
  • Arrondissement de Hinche
    1. Hinche
    2. Cerca-Cavajal
    3. Maïssade
    4. Thomonde
  • Arrondissement de Lascahobas
    1. Lascahobas
    2. Belladère
    3. Savanette
  • Arrondissement de Mirebalais
    1. Mirebalais
    2. Saut-d’Eau
    3. Boucan-Carré

Kjelder[endre | endre wikiteksten]