Champéry
Utsjånad
| Champéry | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Plassering | |||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Kanton | Valais | ||
| Distrikt | Monthey | ||
| Språk | fransk | ||
| Borgarmeister | Luc Fellay | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - kommune |
39,0 km² | ||
| Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
1 276 32,7 /km² | ||
| Koordinatar | 46°11′0″N 6°52′0″E / 46.18333°N 6.86667°E | ||
| Høgd over havet | 1055 moh. | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 1874 | ||
| Nettstad: www.champery.ch | |||
Champéry er ein kommune i distriktet Monthey i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 1 276 innbyggjarar (2010) og eit areal på 39 km². Kommunesenteret ligg 1055 meter over havet.
Landsbyen Champéry ligg øvst i dalen Val d'Illiez, nær grensa mot Frankrike. I aust reiser fjellet Dents du Midi seg over Champéry. I vest grensar kommunen mot Frankrike. Grensa går ved det 1 923 moh. høge fjellskardet Col de Bretolet.
Champéry var ein av dei stadene som var tidleg ute med å satse på turisme. Det første hotellet, 'Dents du Midi', vart opna i 1857. Kommunen har i dag over 100 km med skiløyper.
Verdsmeisterskapen i terrengsykling på rundbane 2011 vart avvikla i Champéry dei første dagane av september.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Champéry» frå Wikipedia på tysk, den 3. september 2011.
