Charles de Rohan-Soubise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Charles de Rohan-Soubise
Charles de Rohan, Prince of Soubise, Marshal of France - Versailles MV 1098.jpg
Fødd16. juli 1715
Versailles
Død1. juli 1787
Hôtel de Soubise
TittelGrand Butler of France
Alle titlarhertug
Hus eller slektHouse of Rohan
LandFrankrike
MorAnne Julie de Melun
FarJules, Prince of Soubise
EktefelleAnne Marie Louise de La Tour d'Auvergne, Princess Anne Thérèse of Savoy, Landgravine Victoria of Hesse-Rotenburg
BarnCharlotte de Rohan, Victoire de Rohan

Charles de Rohan, prince de Soubise (16. juli 17154. juli 1787) var hertug av Rohan-Rohan, seigneur av Roberval og marskalk av Frankrike frå 1758, ein militær mann og minister for kongane Ludvig XV og Ludvig XVI og ein frykta libertin. Han var den siste mannen i familien Huset Rohan og var oldefar til duc d'Enghien som avretta Napoleon i 1804.

Han vart fødd i Versailles den 16. januar 1715, og var son til Jules François Louis de Rohan, prince de Soubise, kapteinløytnant i gendarmes i Den kongelge garden. Foreldra døydde i Paris av koppar i 1724 og han og systera, Madame de Marsan, vart foreldreløyse. Han vart oppfostra av bestefaren Hercule i hoffet, der han vart ven med Ludvig XV, som var på same alder.

Han var med Ludvig XV i felttoget i den austerrikske arvefølgjekrigen i 1744-1748 og fekk ein høg militær rang, meir på grunn av at han var hoffmann enn på grunn av dugleiken. Like etter starta sjuårskrigen og han fekk kommandoen over eit korps på 24 000 mann. I november 1757 vart han knust i slaget ved Rossbach.

Han var meir heldig seinare i militærkarrieren sin fram til den generelle freden i 1763. Etter dette levde han vidare som hoffmann og moteskapar i Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]