Ludvig XVI av Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ludvig XVI av Frankrike
Louis xvi.jpg
Fødd23. august 1754
FødestadSlottet i Versailles
Død21. januar 1793
Dødsstadplace de la Concorde
FøregjengarLudvig XV
EtterfølgjarMonarkiet avskaffa; med tida Napoleon I

Ludvig XVI (fransk: Louis XVI) (23. august 175421. januar 1793) var konge av Frankrike frå 1774 til 1792. Han var den siste franske eineveldige kongen og vart til slutt offer for den franske revolusjonen, då han vart avretta ved giljotinering den 21. januar 1793.

Han var son av dauphinen (kronprinsen Ludvig Ferdinand (1729-1765), den einaste sonen av kong Ludvig XV, og kronprinsessa, Maria Josepha av Sachsen. Faren døydde ung og kom aldri på trona. Ludvig XVI var gift med Marie-Antoinette av Austerrike. Med Marie Antoinette fekk han fire barn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ludvig XVI av Frankrike
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.