Paristraktaten i 1763

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alle deltakarane i sjuårskrigen. Blå: Storbritannia, Preussen, Portugal med allierte. Grøn: Frankrike, Spania, Austerrike, Russland og Sverige med allierte.

Paristraktaten, Parisfreden eller Freden i Paris, var ein fredsavtale som enda sjuårskrigen.[1] Han vart underteikna 10. februar 1763 av Storbritannia, Frankrike og Spania, i lag med Portugal. Avtalen markerte byrjinga på ein lang periode med britisk dominans utanfor Europa.[2] Avtalen omfatta ikkje Preussen eller Austerrike som signerte den separate Hubertusburg-traktaten.

Det meste av dei erobra landområda vart gjevne tilbake til eigarane frå før krigen, men britane fekk store oversjøiske område frå Frankrike, og til ein viss grad frå Spania.[3] Frankrike ønskte å få ha Guadeloupe og gav derfor opp Canada og alle krav på områda aust for Mississippielva til Storbritannia.[4] Spania avstod Florida til Storbritannia, men fekk seinare New Orleans og Fransk Louisiana frå britane. Manila og Cuba vart gjevne attende til Spania. Frankrike fekk behalde Saint Pierre og Miquelon og fekk attende Guadeloupe, Martinique og Saint Lucia i byte for Dominica, Grenada, Saint Vincent og Grenadinane og Tobago som gjekk til britane. I India tapte franskmennene i forhold til britane, og fekk til bake «fabrikkane» (handelsplassane), men måtte avtale å støtte dei britiske klientstyra, returnere Sumatra og avtale å ikkje ha stasjonere soldatar i Bengal. Øya Menorca i Middelhavet vart overført til britane etter at ho vart erobra frå franskmennene i starten av krigen.

Storbritannia gav tilbake slavestasjonen på øya Gorée til franskmennene, men fekk Senegalelva og busetnadane her som hadde vorte erobra i 1758. Storbritannia gjekk med på å øydeleggje festningsverka i Britisk Honduras (Belize), men fekk løyve av Spania til å behalde ein koloni for skoghogst der. Storbritannia stadfesta i avtalen at innbyggjarane i dei nye landområda deira skulle få ha retten til å utøve katolisisme[5] og fekk stadfesta den britiske kongen sin rett gjennom Huset Hannover til å vere kurfyrste i Det tysk-romerske riket.

Det vert stundom hevda at den britiske kong George III i denne avtalen sa frå seg kravet om å verte konge av Frankrike. Dette er derimot ei historisk segn og dette finst ikkje i avtaleteksten i det heile. George III heldt fram å kalle seg «Konge av Frankrike» og nytte den franske lilja som ein del av våpenskjoldet sitt fram til 1801, då Storbritannia og Irland vart samla.

Louisiana-spørsmålet[endre | endre wikiteksten]

Paris-traktaten vert ofte omtalt som hendinga då Frankrike gav Louisiana til Spania. Men overføringa skjedde faktisk i Fontainebleau-traktaten i 1762, som ikkje vart offentleg annonsert før 1764.

Med Paris-traktaten fekk Storbritannia austsida av Mississippi (inkludert Baton Rouge som var meint som ein del av det britiske territoriet Vest-Florida). New Orleans på austsida av verande på franske hender mellombels. Korridoren langs Mississippielva i dagens Louisiana vart samla med resten av Louisiana med Louisiana-kjøpet i 1803 og Adams-Onís-avtalen i 1819.

Quebec-spørsmålet[endre | endre wikiteksten]

Punkt 4 i avtalen gav franskmennene vern i Canada og har vorte rekna som grunnlaget for at Quebec ofte har sine eigne lover som skil seg frå resten av Canada.

Punktet gjorde det òg klart at franskmennene kunne forlate Canada uhindra dei neste 18 månadane. Som følgje av dette flytta mange innbyggjarar, kalla cajunar til Louisiana i regionen som i dag heiter Acadiana. Dei trudde at dette kom til å vere franske område, men då dei kom fram oppdaga dei at Spania hadde teke over.

Reaksjon[endre | endre wikiteksten]

John Stuart, 3. jarl av Bute var statsminister i 1762, pressa han på for å få til ei løysing på krigen med Frankrike og Spania, og frykta at Storbritannia ikkje ville klare å styre dei nyerobra områda. I det som Winston Churchill seinare kalla ein fredeleggjeringspolitikk, gav Bute tilbake fleire av dei franske og spanske koloniane. Trass i ønsket om fred, var mange britiske parlamentsmedlemmer imot å gje tilbake desse områda dei hade kjempa så hardt for. Ein av dei største motstandarane var tidlegare statsminister William Pitt, 1. jarl av Chatham, som åtvar om at avtalevilkåra berre ville føre til meir konflikt så snart Frankrike og Spania hadde kome seg på fote att. Parlamentsmedlemmer som var imot avtalen vart sagt opp frå embetet fram til avtalen var sikra. Då avtalen vart godkjend i Storbritannia stemnde 319 for og 65 imot.

Paristraktaten tok ikkje omsyn til den forslåtte allierte til Storbritannia, Fredrik II av Preussen. Fredrik måtte forhandle fram sin eigen fredsavtale med Hubertusburgtraktaten. I fleire tiår etter sjuårskrigen såg Fredrik II på Paristraktaten som eit svik frå britane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marston, Daniel (2002). The French-Indian War 1754-1760. Osprey Publishing. s. 84. ISBN 0415968380. The French-Indian War 1754-1760. 
  2. «Wars og Battles:Treaty of Paris (1763)». «In a nutshell, Britain emerged as the world’s leading colonial empire.» 
  3. «The Treaty of Paris ends the French and Indian War». 
  4. Treaty of Paris, 1763
  5. Extracts from the Treaty of Paris of 1763. A. Lovell & Co. 1892. s. 6. «His Britannick Majesty, on his side, agrees to grant the liberty of the Roman Catholic religion to the inhabitants of Canada.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til Paristraktaten i 1763 ved Wikisource.