Chekka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chekka
شكا
by
Land  Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Batroun distrikt
Høgd 22−200 moh.
Koordinatar 34°20′N 35°44′E / 34.333°N 35.733°E / 34.333; 35.733
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
Chekka
34°20′00″N 35°44′00″E / 34.333333333333°N 35.733333333333°E / 34.333333333333; 35.733333333333

Chekka er ein kystby sør i Nord-Libanon. Han ligg nord for strendene Râs ach-Chaq’a’ og Herri, eller Theoprosopon i antikken, og sør for den gamle fønikiske hamnebyen Enfeh og byen Tripoli. Opphavet til namnet trur ein kjem frå det kanaanittiske ordet Chikitta. Chikitta vart nemnt i Amarnabreva i Egypt som ein kystby i området der den moderne Chekka ligg. Det er ikkje funne nokre kanaanittiske arkeologiske funn som støttar denne hypotesen. Den moderne Chekka vart bsuett kring 300 år sidan og den frodige Chekkadalen vart oppdyrka for å gjere Chekka til ein maronittisk stad ved den libanesiske kysten. Mange familiar flytta frå Libanonfjella til Chekka på den tida.

Chekka har rike, underjordiske ferskvasskjelder.[1] American University of Beirut sitt ingeniørfakultet utforska desse kjeldene i 2000.[1]

Chekka er kjend for Râs ach-Chaq’a’ ei kvit og grøn klippe som strekkjer seg til Middelhavet, i tillegg til sandstrendene.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei største sement og papirfabrikkane i det austlege Middelhavet ligg i Chekka.[2] Selska som Holcim Liban, Cimenterie Nationale S.A.L og Société Libanaise des Ciments Blancs S.A.L.B, har hovudkvarter i Chekka.[3] Den gamle prosessen med å hente ut havsalt vert framleis praktisert Chekka, men utan dei tradisjonelle, vinddrivne vasspumpene.[4]

Chekka er òg ein jordbruksby, mellom anna kjend for fikenproduksjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]