Tripoli i Libanon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om byen i Libanon. For andre byar, sjå Tripoli (fleirtyding).
Koordinatar: 34°26′N 35°51′E
Tripoli
طرابلس Ṭarābulus
by
none  Med klokka frå øvst til venstre: Raymond de Saint-Gilles-citadellet, Mansouri stormoské minaret, mamlukkarkitektur, utsyn over bukta og den katolsk-assyriske kyrkja
Med klokka frå øvst til venstre: Raymond de Saint-Gilles-citadellet, Mansouri stormoské minaret, mamlukkarkitektur, utsyn over bukta og den katolsk-assyriske kyrkja
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Tripoli distrikt
Koordinatar 34°26′N 35°51′E
Areal 14 km²
 - storbyområde 41 km²
Folketal 192 572
 - storby 530 000
Tidssone EST (UTC+2)
Retningsnummer 06
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tripoli, Lebanon
Nettstad: tripoli-city.org

Tripoli (arabisk طرابلس, Ṭarābulus, libanesisk arabisk Ṭrāblos[1] gresk Τρίπολις, Tripolis) er den største byen i det nordlege Libanon og den nest største byen i landet. Han ligg 85 km nord for hovudstaden Beirut, og er det administrative senteret i Nord guvernement og Tripoli distrikt. Tripoli ligg ved Middelhavet og er den austlegaste hamnebyen i Libanon. Like utafor byen ligg ei rekkje på fire små øyar, dei einaste øyane i Libanon. Den største av desse, Palmeøyane, vart erklært eit naturreservat av UNESCO i 1992 på grunn av det rike økosystemet med tre, grøne havskjelpadder og eksotiske fuglar.

Tripoli har ei historie som går attende til 1300-talet fvt. og har den største festninga i Libanon (Raymond de Saint-Gilles-festninga), og er den nest største byen i verda (etter Kairo) med mamelukkarkitektur. I antikken var han eit senter for eit fønikisk forbund som omfattar Tyr, Sidon og Arados, derfor namnet Tripoli, som tyder «trippel by» på gresk. Seinare var han underlagt Det assyriske riket, Persia, Romarriket, Austromarriket, Kalifatet, Seldsjukkarriket, Krossfararstatane, mamelukkane, Det osmanske riket og Frankrike. Krossfararane oppretta grevskapet Tripoli der på 1100-talet.

Då Libanon vart danna, vart Tripoli, som ein gong var like mektig og velståande som Beirut, avskoren frå dei tradisjonelle handelsbanda med det syriske innlandet og velstanden minka.[2]

Byen grensar til El Mina, hamnebyen i Tripoli distrikt, som ligg innafor storbyområdet kring Tripoli.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Tripoli har hatt mange namn heilt attende til fønikisk tid. I Amarnabreva vart namnet «Derbly» nemnt, og i andre stader er «Ahlia» eller «Wahlia» nemnde (1300-talet fvt.).[3] I ei gravering som handlar om invasjonen av Tripoli av den assyriske kongen Ashurnasirpal II (888-859 fvt.), vert han kalla Mahallata eller Mahlata, Mayza og Kayza.[4]

Under fønikarane vart namnet Athar nytta om Tripoli.[5]grekarane slo seg ned i byen, kalla dei han «Tripoli», som tyder «trippelbyen»[6] og som kanskje følgjer det tidlegare namnet «Derbly».[7] Arabarane gav han forskjellige namn, mellom anna fyrstedømet Tripoli, staten Tripoli, og det austlege kongedømet Tripoli. I tillegg vart namna Tarabulus, Atrabulus og Tarablus al-Sham i bruk. Krossfararane slo seg ned i Tripoli i kring 180 år og gjorde han til hovudstaden i grevskapet Tripoli. Byen vart òg berre kalla «Triple». Byen deler same etymologi «Tripolis» som den yngre systerbyen, den libyske hovudstaden Tripoli.

I dag vert Tripoli òg kalla al-Fayha'a, som kjem av det arabiske verbet faha, som vert nytta om spreiing av ei lukt. Tripoli var kjend for dei store appelsinhagane. Under bløminga vart pollen frå appelsinblomane førte med lufta og skapte ei god lukt i heile byen og forstadane.[8]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Tripoli har eit middelhavsklima (Csa) med milde vintrar og moderat varme somrar. Temperaturane vert modererte året rundt av plasseringa ved Middelhavet. Temperaturane er derfor litt høgare om vinteren, og litt lågare om sommaren enn det meste av Libanon. Sjølv om det særs sjeldan kjem snø i byen, skjer det ein gong kvart femte år i snitt. Det meste av nedbøren kjem om vinteren, og om sommaren er det som regel heilt tørt.

Klimadata for Tripoli, Libanon
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 13 14 17 21 25 28 29 30 30 26 20 15 22 3
Normal min. temp. °C 8 8 10 13 17 20 22 22 21 18 14 9 8
Nedbør (mm) 142.9 131.1 103.4 43 20 2.5 0.2 1.4 8 56.5 87.5 114.6
Kjelde: weather.uk.msn.com

[9]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historiske bydelar i Tripoli.

Det finst bevis for busetnad i Tripoli attende til 1400 fvt. På 800-talet fvt., oppretta fønikarane ein handelsstasjon i Tripoli og seinare, under persisk styre, vart byen eit senter for eit forbund av fønikiske bystatar med Sidon, Tyr og Arados. Under hellenistisk styre låg det eit skipsverft i Tripoli og byen opplevde ein periode med sjølvstyre. Han kom under romersk styre kring 64 fvt. I 551 råka eit jordskjelv og ein tsunami byen, som vart øydelagd, i lag med andre kystbyar kring Middelhavet.

Under omajadane vart Tripoli eit senter for handel og skipsbygging. Han fekk delvis sjølvstyre under fatimidane, då han utvikla seg til eit senter for utdanning. Krossfararane kringsette byen på byrjinga av 1100-talet og klarte omsider å erobre byen i 1109. Dette førte til store øydeleggingar, mellom anna så brann det kjende biblioteket i Tripoli, Dar al-Ilm, ned, i lag med tusenvis av bøker. Under styret til krossfararane vart han hovudstaden i grevskapet Tripoli. I 1289 fall han til mamelukkane og den gamle hamna i byen vart øydelagd. Byen vart flytta lenger inn i landet, nær den gamle borga. Under osmansk styre frå 1516 til 1918, var han ein velståande by som var viktig for handelen i området. Tripoli og heile Libanon var under Det franske mandatet frå 1920 til 1943, då Libanon fekk sjølvstende.

Førhistorisk Tripoli (før 600-talet fvt.)[endre | endre wikiteksten]

Mange historikarar meiner at det ikkje var noko fønikisk sivilisasjon i Tripoli før 700-talet (somme meiner 300-talet) fvt. Men grundige undersøkingar av den fønikiske hamna tyder på at dette ikkje var tilfelle. I tillegg så føretrekte fønikarane byar som hadde øyar like utafor, slik Tripoli har.

Det er ikkje gjort så mange utgravingar i Tripoli, fordi den antikke byen ligg gravlagd under den moderne byen El Mina. Nokre funn er likevel gjort og plasserte i museum. Utgravingar i El Mina har funne beinrestar etter ulv, ål og gasellar, delar av den gamle sørlege hamnekaien, møller, forskjellige søyler, hjul, bogar og ein nekropolis frå slutten av hellenistisk tid. Ei undersøking av krossfararborga førte til funn frå sein bronsealder, jernalderen, og funn frå romarane, bysantinarane og fatimidane. Ved Abou Halka-området (ved sørenden av Tripoli) vart det funne tilfluktsstader frå tidleg (30 000 år sidan) og midtre steinalderen.[10]

Persisk Tripoli (frå 500- til 300-talet fvt.)[endre | endre wikiteksten]

Ruinar i Tripoli.

Tripoli vart eit økonomisk senter og den viktigaste hamna nord i Fønikia med sjøhandel(austlege Middelhavet og Vesten) og karavanehandel (Nord-Syria og lenger inn).

Hellenistisk Tripoli (312/311–64 fvt.)[endre | endre wikiteksten]

Under selevkidane fekk Tripoli retten til å prege sine eigne myntar (112 fvt.), og fekk sjølvstende mellom 104 og 105, som dei hadde fram til 64 fvt. PÅ den tida var Tripoli eit senter for skipsbygging og sedertømmerhandel.

Romersk og bysantinsk Tripoli (frå 64 fvt. til 600-talet evt.)[endre | endre wikiteksten]

I denne perioden vart det bygd viktige offentlege bygg i Tripoli, som eit stadion og eit gymnas, på grunn av den strategiske plasseringa til byen, halvvegs mellom Antiokia og Ptolemais.

Arabisk Tripoli (645/646–1109)[endre | endre wikiteksten]

Tripoli vart eit viktig handelssenter for heile Middelhavet etter han vart busett av arabarar. Tripoli var hamnebyen til Damaskus; den andre militære hamna til den arabiske marinen, etter Alexandria. Han var då eit velståande handels- og skipsbyggingssenter, og eit rikt fyrstedøme under Banu Ammar-emirane. Då den reisande Nasir-i-Khusrau vitja byen i 1047, estimerte han at folketalet i Tripoli måtte vere kring 20 000. Tripoli høyrte då til militærprovinsen Damaskus (Jund Dimashq).[11]

Tripoli under krosstoga (1109–1289)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå grevskapet Tripoli.

Byen vart den viktigaste byen i grevskapet Tripoli som strekte seg frå Jubayl til Latakia og omfatta Akkarsletta med den kjende Krak des Chevaliers. Tripoli var òg eit bispesete. Tripoli hadde ei travel hamn og var eit stort senter for silkeveving, med så mange som 4 000 vevar. Viktige produkt på denne tida var sitronar, appelsinar og sukkerroer. I ein periode på 180 år, under det franske styret, vart det tala Langue d'Oc, språket frå Provence, i Tripoli og landsbyane kring, på grunn av dei mange adelsmennene frå Provençe som vitja byen. Tripoli hadde på denne tida ein folkesetnad som bestod av vesteuropearar, grekarar, armenarar, maronittar, nestorarar, jødar og muslimar. Under krosstoga voks byen innover i landet på grunn av festninga. Staten vart ein stor base for operasjonane til Maltesarordenen, som okkuperte den kjende borga Krak Des Chevaliers (i dag ein verdsarvstad i Syria). Staten opphøyrte i 1289, då han vart erobra av den egyptiske mamelukksultanen Qalawun.

Tripoli under mamelukkane (1300-talet)[endre | endre wikiteksten]

Minaret frå Mansouri stormoské.

Under mamelukkane vart Tripoli ein sentral by og provinshovudstad for Mamlakah eller eit kongedøme (eit av seks i det mamelukkstyrte Syria). Tripoli vart rangert på tredjeplass etter Aleppo og Damaskus. Kongedømet vart delt inn i seks willayah eller provinsar og strekte seg frå Jubayl og Aqrafjella i sør til Latakia og Dei syriske kystfjella i nord. Det omfatta òg al-Hermel, Akkarsletta og Hosn al-Akrad (Krak des Chevaliers).[12]

Tripoli vart ein viktig handelshamn i Syria som eksporterte sukkertøy, brød og melis til Europa (særleg sistnemnde på 1300-talet). Dei viktigaste jordbruksprodukta og produkt frå mindre industriar var sitrusfrukt, olivenolje, såpe og tekstilar (bomull og silke, særleg fløyel).

Mamlukane dannar ein herskarklasse som heldt dei viktigaste politiske, militære og administrative embeta. Arabarane utgjorde den største folkesetnaden og den generelle folkesetnaden bestod elles av dei opphavlege innbyggjarar i byen, emigrantar frå forskjellige delar av Syria, nordafrikanarar som følgde armeen til Qalawun under frigjeringa av Tripoli, austleg kristne, somme vestlege familiar og ein minoritet av jødar. Folketalet i Tripoli på denne tida er estimert til ein stad kring 20 000-40 000; samanlikna med 100 000 i både Damaskus og Aleppo.[13]

Tripoli var i denne tida vitne til raskt vekst og byutvikling. Byen hadde sju vakttårn nær hamna, for å forsvare byen frå innlandet. Saint Gilles-borga vart utvida. Det vart bygd fleire bruer og dei kringliggande frukthagane vart utvida ved at myrområda vart drenerte. Byen hadde ingen festningsverk, men dei tunge byggverka og dei smale, svingande gatene gjorde han vanskeleg å innta.

Aust-Tripoli

Store byggverk frå mamelukktida var mellom andre seks moskéar (Mansouri stormoské, al-Aattar, Taynal, al-Uwaysiyat, al-Burtasi og al-Tawbat-moskeane).

Osmansk Tripoli[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Tripoli eyalet.
Tripoli gullbezantarabisk (1270-1300), og Tripoli sølvgros (1275-1287). British Museum.

I osmansk tid, vart Tripoli ein provinshovudstad og den viktigaste byen i Tripoli eyalet, som bestod av kystområda frå Jubayl til Tarsus og dei syriske innlandsbyane Homs og Hama. Dei to andre eyaleta var Aleppo eyalet og Şam eyalet. Fram til 1612 vart Tripoli rekna som ein hamneby for Aleppo. Han var òg avhengig av handel og skattlegging av dei indre syriske områda. Det var mange franske handelsfolk i Tripoli på 1600- og 1700-talet, og det var stor konkurranse om handelen her mellom dei forskjellige landa i Europa. Tripoli vart redusert til eit sanjaksenter i Beirut vilayet på 1800-talet og hadde denne statusen fram til 1918, då byen vart erobra av britiske styrkar.

1975–2014[endre | endre wikiteksten]

Gamle marknader i Tripoli.

Seint i 1970-åra, under den libanesiske borgarkrigen, hamna to nabolag i Tripoli, den sunnimuslimske bydelen Bab al-Tabbaneh og det tilstøytande alawittiske nabolaget Jebel Mohsen, som var allierte av Hizbollah, i strid med kvarandre, og det førte ofte til valdelege samanstøyt.[14] Under den libanesiske borgarkrigen vart denne konflikten med djupe røter forsterka då sunniane vart allierte med Al Fatah og alawittane med den libanesiske hæren.[15] I 1983, vart det slått hardt ned på Fatah-geriljar i Bab al-Tabbaneh-distriktet[16] og alawittane fekk meir av skulda enn det militæret.[17] I 2013 tok nabolag forskjellige sider i den syriske borgarkrigen[17] og åtak fram og tilbake det siste halvåret av 2013 førte til over hundre døde.[14] I august 2013 vart to religiøse Sunni-bygg råka av bomber som førte til at minst 42 menneske omkom.[14]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjartalet i Tripoli er estimert til å vere 500 000 og den store majoriteten av desse er sunni-muslimar. Det vesle alawittarsamfunnet i Libanon held hovudsakleg til i Tripoli, og er estimert å vere mellom 25 000 og 30 000 folk, hovudsakleg i bydelen Jabal Mohsen. Prosentdelen av kristne i byen er kring 5%.[2][18]

Tripoli vert av somme rekna som «hovudstaden» for libanesisk sunnimuslimar.[19] Med ein stor tettleik av sunnimuslimar vert Tripoli tradisjonelt rekna som ein bastion for konservative sunnimuslimar i Lubanon, sjølv om mange liberale og moderate sunnimuslimar òg bur i byen.[20][21]

Tripoli har somme av dei mest religiøse og konservative bydelane i nokon by i Libanon, sidan somme av nabolaga har ein særs konservativ sunnikultur.[22][23] Som ein sunniskanse er alle dei store straumane i libanesisk sunniislamisme sentrert i byen.[2] Tripoli er òg opphavet til den libanesiske Salafirørsla, ei puritansk sunnirørsle.[24][25]

Striden mellom bydelane Bab al-Tabbaneh og Jabal Mohsen mellom anti-Assad-sunniislamistar og pro-Assad-alawittar, har heimsøkt Tripoli i fleire tiår, og det meste av den kristne folkesetnaden flykta under den libanesiske borgarkrigen.[26] Mange folk vart òg drepne i Libanonkrigen i 2008.[27] Sjølv om byen er særs religiøst mangfaldig, har det ikkje vore noko sekterisk vald i byen, og dei valdsepisodane som har oppstått har vore reint politiske, i form av gjengkrigar.

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

Raymond de Saint-Gilles-festninga[endre | endre wikiteksten]

Festninga er kalla opp etter Raymond de Saint-Gilles, som dominerte byen i 1102 og fekk bygd ei festning han kalla Mont Pelerin (Pilegrimsfjellet). Den opphavlege borga vart brunne ned i 1289, og bygd opp att fleire gonger, mellom anna i 1307-08 av emir Essendemir Kurgi.

Seinare vart festninga delvis bygd opp att av Det osmanske riket, slik ho framstår i dag, med massive osmanske portar, der ein kan sjå ei gravering frå Süleyman den store som gav ordre om restaureringa. Tidleg på 1800-talet, vart festninga restaurert av den osmanske guvernøren i Tripoli, Mustafa Agha Barbar.

Klokketårnet[endre | endre wikiteksten]

Al-Tell klokketårn.

Klokketårnet er eit av dei mest ikoniske monumenta i Tripoli. Tårnet står på Al-Tell-plassen og vart bygd av osmanarane som ei gåve til byen Tripoli. Klokketårnet vart totalrenovert i 1992, betalt personleg av den tyrkiske konsulen i Nord-Libanon, Sobhi Akkari og i dag er klokketårnet igjen i drift. «Al Manshieh», som er ein av dei eldte parkane i Tripoli, ligg like ved klokketårnet og er eit populært turistmål. Klokketårnet vart reist i 1906 til minne om 30-årsjubileet til Abdulhamid II av Det osmanske riket, slik Jaffa klokketårn og mange andre gjennom riket.

Hammam[endre | endre wikiteksten]

Då Tripoli vart vitja av Ibn Batutah i 1355 skildra han den nye mamelukkbyen. «Kryssa av vasskanalar og full av hagar», skreiv han, «husa er nybygde. Sjøen ligg to league unna, og ruinane av gamlebyen ligg ved breidda. Han vart teken av frankarane, men al-Malik ath-Tháhir (Qala’un) tok han attende frå dei, og la så staden i ruinar, og bygde han oppatt. Det er fine bad her.»

Bada, eller hammamane, som vart bygde i Tripoli av dei første mamelukkguvernørane, var storarta byggverk og mange av dei står framleis i dag. Somme av dei mest kjende er

  • Abed
  • Izz El-Din
  • Hajeb
  • Jadid
  • Nouri

Øyane[endre | endre wikiteksten]

Det ligg fleire øyar utafor Tripoli. Den største vert kalla Palmetreøya av somme og Kaninøya av andre.

Palmeøyane naturreservat eller Kaninøya[endre | endre wikiteksten]

Den største av øyane er 20 hektar stor. Namnet «Araneb» eller Kaninar kjem frå dei mange kaninane som fanst på øya under Det franske mandatet tidleg på 1900-talet. Øya er i dag eit naturreservat for grøne skjelpadder, sjeldne fuglar og kaninar. Ho vart erklært eit verneområde av UNESCO i 1992. I tillegg til det vakre landskapet er Palmeøya ein kulturarvstad. Spor etter busetander, attende til krossfarartida, vart avdekt under utgravingar i 1973.

Bakarøyane[endre | endre wikiteksten]

Lokale kalla Abdulwahabøya, vart øya utleigd til Adel & Khiereddine Abdulwahab so meit skipsverft. Ho vart òg kalla St. Thomasøya under krosstoga. Ho lig nærast kysten og det vart bygd ei bru over til øya i 1998.

Bellanøya[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem frå ei plante som finst på øya og som vert nytta til å lage sopelime. Somme hevdar at namnet på øya kjem for ordet for «blåkval» (Baleine på fransk) som dukka opp nær øya tidleg på 1900-talet.

Fanarøya[endre | endre wikiteksten]

Øya er 1600 meter lang og har eit fyrhus som var bygd i 1960-åra.

Religiøse bygg[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Dei mange kyrkjene i Tripoli vitnar om historia til byen. Desse kyrkjene syner mangfaldet i det kristne Libanon og særleg i Tripoli:

  • Beshara katolske kyrkje
  • Den armenske evangeliske baptistkyrkja
  • Den latinske kyrkja (romersk-katolsk)
  • Moutrankyrkja
  • Den armensk-ortodokse kyrkja
  • Den gresk-katolske kyrkja
  • St Efram-kyrkja for assyrisk ortodokse
  • St. Elie ortodokse kyrkje
  • St. Johannes av Pilegrimsfjellet kyrkjet
  • St. Jorjios (George) katolske kyrkje
  • St. Jorjios (George) ortodokse katedral
  • St. Jorjios (George) ortodokse kyrkje - Mar Jirjis
  • St. Josef Al-Serian katolske kyrkje
  • St. Maroon (Mar Maroon-kyrka)
  • St. Maria Salvador maronittiske kyrkje
  • St. Maria (Saydeh) maronittiske kyrkje
  • St. Mikael ortodokse kyrkje
  • St. Mikael maronittiske kyrkje - Al Koubbeh
  • St. Mikael maronittiske kyrkje
  • St. Nikolas-kyrkja for gresk-ortodokse
  • St. Thomas-kyrkja

Moskear[endre | endre wikiteksten]

Tripoli er ein velståande by med mange moskéar spreidde utover heile byen. I kvar bydel er det ein moské. I mamelukktida vart det bygd mange moskéar og mange av dei står i dag.

Somme meir kjende moskéar:

  • Aattar
  • Abou Bakr Al Siddeeq
  • Arghoun Shah
  • Bertasi
  • Kabir al Aali
  • Mahmoud Beik sanjaken
  • Mansouri stormoské
  • Omar Ibn El-Khattab moské
  • Sidi Abdel Wahed
  • Tawbah moské
  • Tawjih moské
  • Taynal moské

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Tripoli har mange skular på alle nivå, både offentlege og private. Han har òg fleire universitet innafor bygrensa og i storbyområdet.

Universiteta i og kring Tripoli er:

  • Det libanesiske universitetet – Nord-Libanon-greina
  • Universite St Joseph – Nord-Libanon
  • Det libanesiske internasjonale universitet (Dahr el Ein, like utafor byen)
  • Al-Manar universitet i Tripoli
  • Jinan universitet
  • Universitet i Balamand (Qelhat, i Koura district, like utafor byen)
  • Notre Dame universitet (Barsa, i Koura, like utafor byen)
  • Universitetet i Tripoli
  • Kunst-, vitskap- og teknologiuniversitetet i Libanon-Nord-Libanon-greina
  • Beirut arabiske universitet - Nord-Libanon-greina
  • Universite Saint Espirt de Kaslik - Chekka (like utafor byen)
  • Université de Technologie et de Sciences Appliquées Libano-Française (handelskammer)

Såpemarknaden[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1400-talet, oppretta guvernøren i Tripoli (Libanon) Youssef Bek Sayfa, Khan Al Saboun (hotellet for såpehandlarar). Denne marknaden stod ferdig i byrjinga av 1500-talet, dei siste dagane mamelukkane regjerte. Produksjon av såpe vart populært i Tripoli og marknaden vart eit handelssenter der såpe vart produsert og seld. Seinare vart såpa eksportert til Europa. Råmaterialen for denne såpa er olivenolje.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Tripoli er venskapsby med

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Trâblous: Lebanon». Geographical Names. http://geographic.org/geographic_names/name.php?uni=544730&fid=3648&c=lebanon. Henta 18. september 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 http://www.mafhoum.com/press10/312P1.htm
  3. Les Peuples Et Les Civilisations Du Proche Orient by Jawād Būlus. s. 308.
  4. Wanderings -2: Historie of the jødar by Chaim Potok. s. 169.
  5. Historie of Syria, Including Lebanon and Palestine av Philip Khuri Hitti. s. 225.
  6. Aziz, Jean (24. mars 2013), «Tripoli: A Cocktail of Fundamentalism», Al Monitor, http://www.al-monitor.com/pulse/originals/2013/03/tripoli-cocktail-fundamentalism.html?utm_fotnote=&utm_medium=email&utm_campaign=6693, henta 25. mars 2013 
  7. Lebanon in Pictures av Peter Roop, Sam Schultz, Margaret J. Goldstein. s. 17.
  8. Ghazi Omar Tadmouri (30. oktober 2009). «Names of Tripoli through the history». Tripoli City. http://tripoli-city.org/namesoftripoli.html. Henta 19. juli 2014. 
  9. «MSN Weather - Yearly, Monthly Temperatur and Precipitation Averages and Records for Tripoli, LBN». Weather.uk.msn.com. http://weather.uk.msn.com/monthly_averages.aspx?wealocations=wc:LEXX0007&q=Tripoli%2c+LBN+forecast:averagesm. Henta 22. august 2014. 
  10. Saliba, R., Jeblawi, S., and Ajami, G., Tripoli the Old City: Monument Survey - Mosques and Madrasas; A Sourcebook of Maps and Architectural Drawings, American University of Beirut Publications, Beirut, Libanon, 1995.
  11. Tadmouri, O. AS., Loubnan min AlFath AlIslami hatta Soukout AlDawla AlOumawia (13-132 H/ 634–750 CE): Silsilat Dirasat fi Tarih AlSahel AlShami, Tripoli, 1990. arabisk.
  12. Tadmouri, O. AS., Tarih Tarablus Al-Siyasi WalHadari Aabr Al-Ousour: Aasr Al-Mamalik, Tripoli, 1981. arabisk.
  13. Tadmouri, O. AS., Tarih Tarablus Al-Siyasi WalHadari Aabr Al-Ousour, Tripoli, 1984. (ar)
  14. 14,0 14,1 14,2 Holmes, Oliver and Bassam, Laila (3. desember 2013), «Militias battle anew i Lebanon's Tripoli, army arrests 21 fighters», Reuters, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 3. desember 2013, https://web.archive.org/web/20131203201544/http://www.reuters.com/article/2013/12/03/us-syria-crisis-lebanon-clashes-idUSBRE9B20T620131203 
  15. Sayigh, Yezid (1997). Armed Struggle and the Search for State: The Palestinian National Movement, 1949-1993. Oxford University Press. s. 520, inter alia. ISBN 978-0-19-829265-4. 
  16. Sayigh 1997, s. 597
  17. 17,0 17,1 Gilbert, Ben (23. juni 2013), «How the Syria conflict is spreading deadly violence to Lebanon», NBC News, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 23. juni 2013, https://web.archive.org/web/20130623150512/http://worldnews.nbcnews.com/_news/2013/06/23/19058264-how-the-syria-conflict-is-spreading-deadly-violence-to-lebanon?lite 
  18. Riad Yazbeck. Return of the Pink Panthers?. Mideast Monitor. Vol. 3, No. 2, August 2008
  19. «Sunni capital». Naharnet. http://www.naharnet.com/domino/tn/Newsdesk.nsf/Story/AF6ACDD6D4F39546C22574BB005ACD9E?OpenDocument&PRINT. Henta 19. september 2014. 
  20. «Sunni camp splits». Asiaonet. http://www.asiaone.com/News/AsiaOne+News/World/Story/A1Story20110128-260935.html. Henta 19. september 2014. 
  21. «Tripoli cell burst». Presstv. http://edition.presstv.ir/detail/72026.html. Henta 19. september 2014. 
  22. «Tripoli». Hugh Macleod. http://www.hughmacleod.co.uk/stormtripoli.htm. Henta 19. september 2014. 
  23. Dec 23, 2008 (2008-12-23). «Asia Times Online :: Middle East News, Irak, Iran current affairs». Atimes.com. http://www.atimes.com/atimes/Middle_East/JL23Ak01.html. Henta 22. august 2014. 
  24. «Äóîé Áářčçúé». .alwatan.com.kw. http://www2.alwatan.com.kw/Default.aspx?pageId=84&MgDid=710785. Henta 22. august 2014. 
  25. «» Kuwait Times Website». Kuwaittimes.net. http://www.kuwaittimes.net/read_news.php?newsid=MTg3MDI2ODQw. Henta 22. august 2014. 
  26. «Return of the Pink Panthers? (August 2008)». Mideastmonitor.org. http://www.mideastmonitor.org/issues/0808/0808_2.htm. Henta 22. august 2014. 
  27. «North Lebanon reconciliation struck through joint efforts». News.xinhuanet.com. 2008-09-09. http://news.xinhuanet.com/english/2008-09/09/content_9880896.htm. Henta 22. august 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tripoli i Libanon

[[Kategori:Turistmål i Libanon