Chen Yibing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chen Yibing


Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 19. desember 1984 (39 år)
Tianjin
Idrett turn
Tok del i

Asialeikene 2006, Asialekene 2010, Turn under Sommer-OL 2008 – Ringer menn, Turn under Sommer-OL 2012 – Ringer menn

Chen Yibing (fødd 19. desember 1984) er ein kinesisk tidlegare turnar frå Tianjin. Han var spesialist i ringar, vann i tida 2006-11 fire VM-gull og i 2008 OL-gull i øvinga.

Chen vart verdsmeister i ringar under verdsmeisterskapane 2006 i Århus og 2007 i Stuttgart, olympisk meister 2008 i Beijing, verdsmeister 2010 i Rotterdam og 2011 Tokyo. I alle desse meisterskapane og ved Beijing-OL 2008 fekk han også gullmedalje i lagkamp med ulike kinesiske mannskap. Også under Sommar-OL 2012 i London vann han gull med Kina i lagkamp. Han vart favoritt i ring-øvinga, men måtte nøye seg med sølvmedaljen ettersom brasilianaren Artur Zanetti stakk av med gullmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]