Hopp til innhald

Chester-le-Street

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chester-le-Street
by
Front Street
Land  England
Region County Durham
Folketal 24 227
Postnummer DH2, DH3
Retningsnummer 0 191
Kart
Chester-le-Street
54°51′34″N 1°34′12″W / 54.8594°N 1.5699°W / 54.8594; -1.5699
Wikimedia Commons: Chester-le-Street

Chester-le-Street er ein by i Durham i England. Han er administrasjonssenter for og har gjeve namn til distriktet Chester-le-Street. Byen ligg omkring tretten kilometer vest for Sunderland, ved elva Wear.

Historia til byen går tilbake til romersk tid, då han var kjent som Concangis. Soknekyrkja, som er vigd til Jomfru Maria og Cuthbert av Lindisfarne, er kjent for at lekamen til St. Cuthbert låg der i 113 år før translasjonen til Durhamkatedralen, og for at den første omsetjinga av Bibelen til engelsk vart gjort der.

Chester-le-Street var inntil 1974 eit eige distrikt, men vart då slått saman med andre distrikt. Byen har vakse utanfor den gamle distriktsgrensa.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Chester-le-Street