Chiaroscuro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Caravaggio: Måltidet i Emmaus, 1601-02
Gerard van Honthorst: Koplaren, 1625

Chiaroscuro, eller clair-obscur, er ein måleteknikk som framhevar kontrasten mellom lys og mørke i eit måleri. Både det italienske ordet chiaroscuro og det franske clair-obscur tyder bokstavleg tala «lys-dunkel». Nemninga vart nytta fyrste gongen i 1686, men skal ha vore påfunne av Leonardo da Vinci. Clair-obscur, den franske nemninga, vart introdusert av kunskritikaren Roger de Piles på 1700-talet. Eitt av dei fyrste måleri der chiaroscuro vart nytta, er Leonardos Dei heilage tre kongars tilbeding frå 1481.

Nemninga chiaroscuro-tresnitt vert brukt for å skildre farga tresnitt trykt med ulike plater der ein brukar blekk med ulike fargar.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Chiaroscuro-teknikken vart på 1500-talet særleg nytta av målarar som Tintoretto og Paolo Veronese. Teknikken nådde høgdepunktet i barokken, framom alt på 1600-talet. Rembrandt er berømt for denne målemåten. Caravaggio var avgjerande i utviklinga av tenebroso, ei form for dramatisk chiaroscuro. Hans målemåte vart særleg nytta i Spania og i byen Napoli under spansk herredømme, til dømes av José de Ribera. Adam Elsheimer, tyskaren som oppheldt seg i Roma, laga mange nattmotiv med bål og måneskin. Motiv med stearinlys, gjerne inspirert av Caravaggio og Elsheimer, var vanleg i Utrecht-skulen, som til dømes Hendrick ter Brugghen. Seinare målarar som ofte nytta stearinlys som lysskjelde var Georges de La Tour i Frankrike og Joseph Wright of Derby i England.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]