José de Ribera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
José de Ribera
José Ribera.jpg
Fødd 12. januar 1591
Xàtiva
Død

2. september 1652
Napoli

José de Ribera (12. januar 15912. september 1652) var ein spansk målar som var aktiv i Napoli under barokken. Den naturalistiske stilen hans påverka framveksten av ein fornya målestil i Napoli, noko som har gjort at føregangsmannen Ribera, elevane hans, samt målarar frå andre verkstader i byen ofte har vorte omtala som den napolitanske skulen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bartolomeus' martyrium, 1634

Ribera var fødd i Játiva i provinsen Valencia, og utdanna seg deretter hos målaren Francisco Ribalta i byen Valencia. I vaksen alder, kringom 1610-11, flytta han til Italia. I Roma studerte han verka til Rafael og Annibale Carracci og i Parma og Modena arbeida til Antonio da Correggio. Han slo seg ned i Napoli og lærde av Caravaggio sine bilete. Av denne målaren vart han påverka av den dramatiske behandlinga av lys og skugge i måleria til både Caravaggio og etterfylgjarane hans.

Grunna framstillinga av helgenen Bartolomeus sine piner, fekk Ribera oppdrag som hoffmålar hos hertugen av Osuna. I 1630 fekk han medlemskap i i San Luca-akademiet i Roma, og i 1644 vart han tildelt Kristusordenen av paven.

Ribera er ved sidan av Caravaggio den viktigaste naturalisten i den napolitanske målarskulen, hans chiaroscuro er av ypparste merke. Framsyningar av det redselsfulle og det gruale møter ein i mykje av kunsten hans. Han la sin elsk på brystbilete av gamle, beinete eremittar, helgenar mm.

Ribera døydde i Napoli i 1652.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: José de Ribera