Chien-Shiung Wu
Utsjånad
Chien-Shiung Wu (29. mai 1912–16. februar 1997) var ein kinesisk-amerikansk fysikar med ekspertise i teknikkar innan eksperimentell fysikk og radioaktivitet. Wu jobba på Manhattanprosjektet (i prosessen for å berike uran til det spaltbare materialet 235U), og utførte tidleg eksperiment som motsa den hypotetiske «lova om bevaring av paritet». Ho hadde kallenamnet «fysikkens førstedame» , «den kinesiske Marie Curie» og «Madame Wu». Ho døydde etter å ha fått det andre hjerneslaget sitt den 16. februar 1997, i ein alder av 84 år.
Ho studerte i USA frå 1936 og vart i 1944 tilknytt Columbia University. Ho var professor der frå 1957 til 1981.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chien-Shiung Wu» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juli 2012.