Ernest Lawrence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ernest Orlando Lawrence
Ernest Orlando Lawrence.jpg
Ernest Orlando Lawrence
Fødd 8. august 1901
Canton i Sør-Dakota
Død 27. august 1958 (57 år)
Palo Alto i California
Bustad USA
Nasjonalitet Amerikansk
Område Fysikk
Institusjonar Yale University
University of California
Alma mater University of South Dakota
University of Minnesota
Yale University
Doktorgradsrettleiar W.F.G. Swann
Doktorgradsstudentar Edwin McMillan
Chien-Shiung Wu
Kjend for Oppfinninga av syklotronet, ein partikkelakselerator
Elementær partikkelfysikk
Manhattanprosjektet
Utmerkingar Elliott Cresson-medaljen (1937)
Hughesmedaljen (1937)
Nobelprisen i fysikk (1939)
Faradaymedaljen (1952)
Enrico Fermi-prisen (1957)

Ernest Orlando Lawrence (8. august 190127. august 1958) var ein amerikansk fysikar med norske anar (Lavrants i Seljord). I 1929 utvikla han syklotronen, ein type partikkelakselerator. For denne oppfinninga vart han tildelt Nobelprisen i fysikk i 1939.

Han var frå 1930 professor i fysikk ved University of California og frå 1936 òg direktør for The Radiation Laboratory i Berkeley, no kalla The Lawrence Radiation Laboratory. Lawrence var ein av dei første fysikarar som byrja å interessere seg for kjernefysiske akseleratorar. Mest kjent er han for oppfinninga av syklotronen i 1931. For denne oppfinninga, for bidrag til den vidare utviklinga av syklotronen og produksjonen av radioaktive isotopar, fekk han 1939 Nobelprisen i fysikk.[1]

Han bidrog òg til utviklinga av lineærakseleratoren. Under den andre verdskrigen arbeidde han med prosjekt for separasjon av uranisotopen 235U, noko som hadde stor tyding for utviklinga av kjernefysiske bombar. Etter krigen var han engasjert med utviklinga av større akseleratortyper: synkrosyklotron og synkrotron, og stod mellom anna for bygginga av ein 6 GeV synkrotron, den såkalla bevatronen, på den tida den største akseleratoren i verda.

Grunnstoff nummer 103, lawrencium, er kalla opp etter han.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nobelprisen i fysikk 1939 (englelsk). Nobelprize.org. Vitja 2011-02-08.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ernest Lawrence

[[Kategori:]