Chisone
Utsjånad
Chisone | |||
elv | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 50 km | ||
Kjelde | Dei cottiske Alpane ved foten av Monte Barifreddo | ||
Munning | Pellice | ||
Chisone 44°49′00″N 7°25′00″E / 44.816666666667°N 7.4166666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Chisone |
Chisone (piemontesisk Chison eller Cleson) er ei 50 km lang fjellelv i provinsen Torino i Italia. Ho er ei av sideelvane til Pellice, som igjen er ei sideelv til Po. Chisone renn gjennom Pragelato, Fenestrelle, Perosa Argentina og Pinerolo.
Elva har sitt utspring ved foten av Monte Barifreddo i Dei cottiske Alpane og renn først nordvestover gjennom naturparken Parco Naturale della Val Troncea. Elva går så langs ein stor halvsirkel gjennom Val Chisone og renn så austover forbi Monte Albergian. Chisone munnar ut i Pellice om lag 15 km aust for Pinerolo, den viktigaste busetnaden langs elva.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Chisone frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: