Pinerolo
Utsjånad
| Città di Pinerolo | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Piemonte | ||
| Provins | Provinsen Torino | ||
| Areal | 50,34 km² | ||
| Folketal | 35 418 (1. januar 2023) | ||
| Postnummer | 10064 | ||
| Retningsnummer | 0121 | ||
![]() Pinerolo 44°53′14″N 7°19′55″E / 44.887309°N 7.331945°E | |||
| Wikimedia Commons: Pinerolo | |||
Pinerolo (fransk Pignerol) er ein by og kommune nordvest i Italia, 40 km sørvest for Torino ved elva Chisone. Byen har kring 35 000 innbyggjarar. Den militære hovslagarskulen (grunnlagd 1882) som finst her, er den einaste i slaget sitt i Italia.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Byen ligg 37 km frå Torino på låglandet ved munningen av Val Chisone. Kommunen ligg på venstresida av elva Chisone, like før ho munnar ut i elva Pellice, som igjen like etter munnar ut i Po.
Sport
[endre | endre wikiteksten]Under dei olympiske vinterleikane 2006 vart konkurransane i curling arrangert her.
Pinerolo var målby for den 17. etappen av Tour de France 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pinerolo» frå Wikipedia på bokmål, den 19. januar 2012.
