Spellemannprisen 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Spellemannprisen 2006 blei delt ut i Chateau Neuf i Oslo laurdag 27. januar 2007. Vamp blei kåra til Årets spellemann, og Åge Aleksandersen, Bjørn Eidsvåg og Sissel Kyrkjebø fekk heidersprisen frå juryen dette året. Dei fekk prisen for den langvarige karrieren deira og prisen blei overrokke av finansminister Kristin Halvorsen. I forkant av utdelinga framførte dei tre songen til Erik Bye; «Anna Lovinda». Bransjeprisen gjekk til Stargate som har markert seg som låtskrivarar og produsentar for norske og internasjonale artistar.

Prisutdelinga blei overført direkte på TV 2 og blei leia av Harald Rønneberg og Thomas Numme. Dette var den 35. Spellemannpris-utdelinga og dette året var det ein ny rekord i nummeret på påmeldte bidrag. Då påmeldingsfristen gjekk ut, var det 608 påmeldingar (inkluderer alle sjangerklassane og musikkvideo). Førre rekord var på 568 bidrag frå Spellemannprisen 2005.

Prisen for «årets musikkvideo» blei delt ut dagen før, fredag 26. januar, på programmet Fredag på TV 2 og gjekk til Marit Larsen. Prisen blei overrekt av den internasjonalt kjente musikkvideoregissøren Reinert Olsen (kjent som «Ray Kay») på link frå Hollywood.

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Klasse Artist Tittel
Kvinneleg artist Marit Larsen Under the Surface
Mannleg artist Thomas Dybdahl Science
Popgruppe Minor Majority Reasons To Hang Around
Elektronika Lindstrøm It's a Feedelity Affair
Samtidsmusikk Grex Vocalis og KORK Arne Nordheim: Draumkvedet
Rock 120 Days 120 Days
Blues Rita Engedalen Heaven ain't Ready for Me Yet
Country Ila Auto If You Keep Pickin' it Might Never Heal
Metal Enslaved Ruun
Hip hop Darkside of the Force El dia de los puercos
Folkemusikk/gammaldans Kvarts Steinsprang
Danseorkester Scandinavia Alle mann til pumpene
Jazz Atomic Happy New Ears!
Klassisk musikk Marianne Thorsen/TrondheimSolistene Mozart: Violin Concertos
Viser Lars Bremnes Hjertekaptein'
Open klasse Hanne Hukkelberg Rykestrasse 68
Barneplate Jul i Svingen (Diverse artister) Jul i Svingen
Årets nykomar 120 Days 120 days
Årets hit Espen Lind, Kurt Nilsen, Alejandro Fuentes og Askil Holm «Hallelujah»
Årets musikkvideo Marit Larsen «Don't Save Me»
Årets spellemann Vamp
Bransjepris Stargate
Heidersprisen frå juryen Åge Aleksandersen, Bjørn Eidsvåg og Sissel Kyrkjebø

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]