Hopp til innhald

Christian Cantwell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Cantwell


StatsborgarskapUSA
Fødd30. september 1980 (46 år)
Jefferson City, Missouri
Idrettfriidrett
Tok del i Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008

Christian Cantwell (fødd 30. september 1980) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Jefferson City i delstaten Missouri som vart verdsmeister i kulestøyt i 2009. Hans personlege rekord er 22,54 meter er frå 2004.

Cantwell sigra i kulestøyt under innandørs-VM 2004 i Budapest med eit støyt på 21,49 m. Tre månader seinare fekk han fullklaff i Gresham i Oregon den 5. juni, kula landa etter 22,54 m, hans livs lengste kulestøyt. I 2008 vann han kuletevlinga ved innandørs-VM i Valencia, som i Budapest fire år tidlegare viste han landsmannen Reese Hoffa til andreplass. Cantwell vann så sølvmedaljen i kulestøyt under dei olympiske leikane 2008 i Beijing med eit bestestøyt på 21,09 meter, Tomasz Majewski frå Polen tok gullmedaljen. Under VM i friidrett 2009 i Berlin bytta dei plass, Cantwell vann gullet med 22,03 meter og Majewski sølvet med 21,91 m. Med eit bestestøyt på 22,07 m vann Cantwell IAAF-finalen i Thessaloniki nokre veker etter.

I 2010 vart Cantwell fyrstemann i innandørs-VM for tredje gong, han sigra i Daegu med 21,83 m. Utandørssesongen 2010 gjekk han til topps i Diamond League, etter å ha vunne fire av seks tevlingar. Aller best var han i Eugene 3. juli, då han presterte 22,41 m. Ved friidretts-VM 2011 i Daegu støytte Cantwell som best 21,36 m, noko som gav han bronsemedaljen i tevlinga. Han kom til Sommar-OL 2012 med ein årsbeste på 22,31 meter, men lukkast ikkje i OL-finalen og vart fjerdemann med 21,19 m.

Han la opp i 2016.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]