Christian Kalvenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Kalvenes
Fullt namn Christian Kalvenes
Fødd 8. mars 1977 (41 år)
Bergen i Noreg
Høgd 183 cm
Posisjon Venstreback
Klubbinformasjon
Spelar for Brann
Draktnummer 3
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1995–1997
1998–2000
2000–2003
2003–2006
2006–2008
2008–2010
2010-2012
Noreg Brann
Noreg Åsane
Noreg Sogndal
Noreg Brann
Skottland Dundee United
Flag of England.svg Burnley
Noreg Brann
1 (0)
45 (4)
67 (4)
11 (0)
48 (2)
27 (1)
33 (0)[1]

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 2. april 2012..

Christian Kalvenes (fødd 8. mars 1977 i Bergen) er ein tidlegare norsk fotballspelar som spela venstreback for Sportsklubben Brann ut 2012-sesongen.

Klubbfotball[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Kalvenes spelte den første eliteseriekampen sin for Brann mot Ham-Kam 28. mai 1995. 10 år og éin dag etter spelte han den andre eliteseriekampen sin for klubben, mot Lyn 29. mai 2005.

I mellomtida spelte han for Åsane og Sogndal. Trass i at han var eit av Brann sine store talent på 1990-talet, klarte han aldri å etablere seg i A-lagstroppen. Etter fleire gode sesongar som midtstoppar i Åsane blei han henta til eit Sogndal-lag som kjempa om opprykk til Tippeligaen sommaren 2000. Der spelte han i hovudsak venstreback, og bidrog til at klubben vann kvalifiseringa mot Vålerenga same år på fleire skåra bortemål.

I dei neste sesongane var han eit sikkert val på Sogndal sin venstreback i tillegg til å skåre fleire mål på frispark. Han var også visekaptein i klubben den siste tida han var der. Før 2004-sesongen blei han henta tilbake til Brann, men der gjekk han stort sett skadd fram til debuten i 2005. Han var tilbake frå skade omtrent samtidig som konkurrenten hans om venstrebackplassen, Erlend Hanstveit. Etter at Hanstveit blei skadefri, vart Kalvenes andreval i Brann-forsvaret.

Dundee United[endre | endre wikiteksten]

2. august 2006 gjekk Kalvenes til Dundee United for ein overgangssum på omtrent £50 000.[2] Kalvenes fekk debuten sin for Dundee United i bortekampen mot Rangers 5. august 2006. Kampen enda uavgjort, og Kalvenes skåra eitt av måla for Dundee United. Kalvenes skåra mot Rangers også i den siste kampen sin for Dundee United.

I 2007/2008-sesongen blei Kalvenes stemt fram som den beste venstrebacken i Scottish Premier League etter ein imponerande sesong.

Burnley[endre | endre wikiteksten]

I juli 2008 fekk han ein 2-årskontrakt med Championship-klubben Burnley[3]. Med det valde han bort ein planlagd retur til heimlandet[4]. Kalvenes debuterte i ein ligacup-kamp som Burnley vann 12. august 2008, og fekk med seg 83 minutt av kampen før han blei bytt ut.[5]

25. mai 2009 spelte han heile kampen då Burnley slo Sheffield United 1-0 i Playoff-finalen på Wembley, noko som førte til opprykk til Premier League.

I overgangsvindauget i januar 2010 blei Christian Kalvenes samd med Burnley om å avslutte kontrakten på grunn av lite speletid. Kalvenes sitt mål var å spele for Brann, men Brann greidde ikkje å skaffe midlane som trongst, og han var derfor klubblaus i ein liten periode.[6] Kalvenes sa i media at han håpa å finne seg ein klubb i neste overgangsvindauge.

Brann[endre | endre wikiteksten]

14. juni 2010 skreiv han under for Brann for tredje gong i karrieren. Kontrakten gjekk ut sesongen med opsjon på eitt år til. Han var meint som erstatning for Olafur Örn Bjarnason, som reiser heim til Island. Roald Bruun-Hanssen sa om signeringa: «Vi er veldig godt nøgd med å få denne avtalen på plass. Christian er ein lokal gut, som har bidrege positivt i klubben to gonger tidlegare. Han har gode personlege eigenskapar, og er ein nyttig spelar.»

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  2. (en) «Kalvenes heading through exit door at end of season». The Courier. 9. januar 2008. 
  3. (en) BBC News: Burnley sign Norwegian Kalvenes
  4. (en) Kalvenes calls time at Tannadice
  5. «Kalvenes debuterte for Burnley i cupseier». Aftenposten. 12. august 2008. Henta 15. august 2008. 
  6. bt.no Styret stoppet Kalvenes-retur til Brann
Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 19. mars 2011.