Christian S. Oftedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian S. Oftedal
Fødd 14. januar 1907
Stavanger kommune
Død

11. juli 1955

Yrke politikar, skribent, redaktør
Far Lars Oftedal

Christian Stephansen Oftedal (14. januar 190711. juli 1955) var ein norsk redaktør, forfattar og politikar frå Stavanger. Statsråd Lars Oftedal var far hans.

Christian S. Oftedal begynte å studere i 1926, og vart cand.mag. i 1931. Frå 1932 til 1940 var han som faren redaktør i Stavanger Aftenblad. Perioden 1937-40 var han med i formannskapet i Stavanger. Frå 1940 til 1945 sat han i tysk fangenskap, fyrst i Noreg og seinare i Tyskland.

Frå 1945 var Oftedal tilbake på redaktørstolen i Stavanger Aftenblad, ei stilling han hadde til han døydde. Hausten 1945 vart han vald inn på Stortinget frå kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland fylke. På Stortinget var han nestformann i Universitets- og fagskulekomiteen. Han var med i landsstyret i Venstre frå 1946, og i 1952 vart han vald til nestformann i partiet.

Oftedal var medlem i Nobelkomiteen frå 1946 til -48. I åra frå 1945 gav han ut ei rad bøker. Han er representert med ein salme i Norsk Salmebok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi