Christian Winther

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Winther

Statsborgarskap Danmark
Fødd 29. juli 1796
Sjælland
Død

30. desember 1876 (80 år)
Paris

Yrke lyrikar, skribent, prosaforfatter, omsetjar
Ektefelle Julie Constance Werliin
Signatur
Christian Winther på Commons

Rasmus Villads Christian Ferdinand Winther (29. juli 179630. desember 1876) var ein dansk diktar.

Christian Winther vart fødd på Fensmark Præstegård i Sydsjælland. Han tok teologisk embetseksamen i 1824, og verka deretter som huslærar. I 1830 la han ut på reise til Italia. Han gifta seg i 1848 med Julie Werliin.

Winther skreiv dei første dikta sine medan han studerte teologi, men den eigenlege dikterdebuten fekk han i 1828 med diktsamlinga «Digte». Utgjevinga av «Digte, gamle og nye» eit par år seinare, plasserte han blant dei beste danske naturlyrikarane.

Winther skreiv dikta som Edvard Grieg nytta i sitt Opus 10 (Fire enkle songar med klaverakkompagnement).

Kulturkanonen[endre | endre wikiteksten]

«Rosa unica» er teke opp i lyrikkantologien i den danske kulturkanonen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


  1. Om lyrikkantologien hos Kulturkanonen, arkivert frå originalen 5. desember 2010, henta 28. juli 2011 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Kalliope (dikt, portrett, bibliografi og lenkjer)