Christopher Lee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christopher Lee under Berlin Internasjonale Filmfestival i 2013.

Sir Christopher Frank Carandini Lee (fødd 27. mai 1922 i London, død 7. juni 2015 i London) var ein engelsk skodespelar. Han hadde sentrale roller i m.a. filmatiseringa av Ringdrotten, to Star Wars-filmar og han har portrettert Dracula. Lee vart adla av Prins Charles i 2009.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Film- og fjernsynskarrieren til Christopher Lee tok til i 1946 og varde heilt til slutten av livet hans. Han portretterte oftare "mørke" roller enn helteskikkelsar. Til dømes spela han vampyren Dracula i fleire filmar, spela rolla som Frankensteins monster, Rochefort i Dei tre musketerane, skurkerolla i James Bond-filmen Mannen med den gylne pistol og Count Dooku i Star Wars episode II og III. Ei av dei siste rollene Lee spela var som den maktlystne trollmannen Sarumann i Peter Jackson sin filmtrilogi av Hobbiten; den same rolla som han hadde spela i Ringdrotten-trilogien. Christopher Lee var også ein dyktig stemmeskodespelar.

I tillegg til skodespelarkarrieren var Christopher Lee musikar og gav ut fleire heavy metal-album.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]