Chukwuma Akabueze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bentley
Chukwuma Akabueze 04.JPG
Fullt namn Chukwuma Akabueze
Fødd 6. mai 1989
Ilorin i Nigeria
Høgd 181 cm
Kallenamn Bentley
Posisjon Venstre kantspelar
Klubbinformasjon
Spelar for Kina Wuhan Zall
Draktnummer 14
Ungdomsklubb
–2004 Nigeria Kwara United
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2005–07
2006
2007-11
2011-2012
2013-
Nigeria Kwara United
Nigeria Enugu Rangers (lån)
Noreg Odd Grenland
Noreg Brann
Kina Wuhan Zall

18 (9)
-
95 (26)[1]
53 (10) [1]
0 (0)
Landslag
2007– Nigeria Nigeria 2 (1)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 2. april 2013.

Chukwuma «Bentley» Akabueze (fødd 6. mai 1989 i Ilorin i Kwara) er ein nigeriansk fotballspelar som spela for Brann i Tippeligaen ut 2012-sesongen. Han spelar no for kinesiske Wuhan Zall FC.

Bentley var først på prøvespel hjå Lyn, men då dei allereie hadde de tillatne tre spelarane frå utanfor EØS-området, blei han ikkje tilbode kontrakt. Odd nytta då høvet til å signere angrepsspelaren.

Trass den låge alderen sin har Bentley allereie debutert og skåra for det nigerianske landslaget og blir rekna som eit stort talent. Han kom til Odd frå Kwara United FC i Nigeria.

Han fekk sin debut i Tippeligaen for Odd Grenland 5. august 2007, i heimekampen på Skagerak Arena mot Lyn, i ein kamp Odd vann 2-0 etter skåringar av Zbynek Pospech og Stefan Bärlin. Han gav målgivande til Stefan Bärlin si skåring.

Etter at Odd rykte ned til Adeccoligaen etter 2007-sesongen, fekk Bentley beskjed om å finne ein ny klubb viss han ville fortsetje på det nigerianske landslaget. Bentley valde å bli med Odd ned, og fekk etter kvart plass på førsteellevaren i Odd. I 2010-sesongen var Bentley toppskåraren til Odd i Tippeligaen, med 9 seriemål.

24. februar 2011 blei han samd med Brann om ein fireårig avtale. Han debuterte i Tippeligaen for Brann som innbytar i den andre seriekampen i 2011-sesongen, borte mot Lillestrøm.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 19. mars 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Norsk og internasjonal fotballstatistikk