EØS
Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) er namnet på ei frihandelsavtale mellom den Europeiske Union (EU) og det Europeiske Frihandelsforbundet (EFTA). EØS-avtala gjeld for heile EU samt deler av EFTA. Dei EFTA-landa som er med er Noreg, Liechtenstein og Island. EØS-avtala gjev medlemmane frå EFTA innpass i EU på fleire områder, men utan røysterett i sakene som vert handsama og blir gjeldande for EU og EØS.
EØS-avtalen vart underskriven i Porto 2. mai 1992, men kom formelt ikkje i kraft av di Sveits vraka framlegget i ei folkerøysting. Noreg, Finland, Sverige og Austerrike skreiv under på avtalen i 1992, men etter fleire forhandlingsrundar tredde han først i kraft frå 1. januar, 1994. Sveits valde å ikkje skrive under på avtalen og oppretta derfor ei rekke enkeltavtalar med EU for å få ei moglegheit til å handle tollfritt med EU-landa.
Historikk[endre | endre wikiteksten]
EØS-avtalen var frå EU si side ei ordning for å førebu potensielle EU-kandidatar på å få medlemskap i unionen. Avtala vart teken initiativ til frå dåverande leiar av Europakommisjonen Jacques Delors. Sverige og Finland vart begge to medlemar av EU gjennom EØS.