Clamecy
| Clamecy | ||
|---|---|---|
|
| ||
| Land Region Departement |
Frankrike Bourgogne-Franche-Comté Nièvre | |
| Flatevidd | 30,26 km² | |
| Flatevidd • By |
30,26 km² | |
| Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik |
4 806 158/km² | |
| Koordinatar | 47°28′N 03°31′E / 47.467°N 3.517°E | |
| Høgd | 160 m | |
| Tidssone | CET (UTC+1) | |
| Postnummer | 58500 | |
| Nettstad: www.vaux-yonne.com | ||
Clamecy er ein landsby og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Nièvre i regionen Bourgogne-Franche-Comté. Byen har om lag 5 000 innbyggjarar.
Clamecy er hovudstad i eit arrondissement, og ligg der elva Yonne og Beuvron renn i hop, i tillegg til kanalen Canal du Nivernais. Byen ligg om lag 70 km nordaust for Nevers langs jernbanelinja mellom Paris og Lyon.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Tidleg i mellomalderen høyrte Clamecy til abbeden av St. Julian ved Auxerre. På 1000-talet gjekk han vidare til grevane av Nevers og Auxerre. Ein av desse, Herve IV av Donzy, gav innbyggjarane byrettar i 1213. Etter at Jerusalem vart teke av Saladin i 1188, vart Clamecy sete for biskopane av Betlehem. Dei heldt til i Panthenor, som grev Vilhelm IV av Nevers hadde testamentert til dei, fram til den franske revolusjonen. Under statskuppet i 1851 braut det ut opprør i byen, som vart kraftig slått ned på av dei nye styresmaktene.