Claude Joseph Rouget de Lisle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Claude Joseph Rouget de Lisle
Rouget de Lisle1.JPG
Fødd10. mai 1760
FødestadLons-le-Saunier
Død26. juni 1836
DødsstadChoisy-le-Roi
EiningArmée de terre

Claude Joseph Rouget de Lisle (10. mai 176026. juni 1836) var ein fransk offiser under dei franske revolusjonskrigane, forfattar og komponist.

Han er kjend for å ha skrive teksta og musikken til «Chant de guerre pour l'armée du Rhin» på ei natt, mellom den 24. og den 25. april, i 1792, og denne songen vart seinare kjent som «La Marseillaise» og vart den franske nasjonalsongen.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Statue i Lons-le-Saunier
Rouget de Lisle framfører «Marseillaise» for fyrste gong

De Lisle (tidvis stava de l'Isle) vart fødd i Lons-le-Saunier som den eldste sonen til Claude Ignace Rouget (1735–1792) og Jeanne Madeleine Gaillande (1734-1811)..[1] Det er sett opp ein plakett for å markera staden han blei fødd og ein statue av han i sentrum av byen i 1882.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han vart innskriven i hæren som ingeniør og fekk rang som kaptein. Songen som har gjort han udøyeleg, «La Marseillaise», vart skriven ved Strasbourg der Rouget de Lisle var innkvartert i april 1792. Han skreiv orda i ein raptus av patriotisk begeistring etter ein offentleg middag. Stykket vart først kalla for «Chant de guerre pour l'armée du Rhin» ('Krigssong for hæren ved Rhinen'), og fekk først namnet «Marseillaise» då han vart teken til brystet av frivillige frå Provence frå søraustlege Frankrike som politikaren Barbaroux introduserte i Paris, og som var framtredande ved stormen på Tuileris den 10. august 1792. Rouget de Lisle sjølv var rojalist og vart avsett og kasta i fengsel i 1793. Det var berre med naud og neppe han unngjekk giljotinen. Han vart sett fri i løpet av thermidorkrisa, den blodige oppløysinga av skrekkveldet til den franske revolusjonen i juli 1794.

Rouget de Lisle skreiv noko få andre songar av same type som Marseillaisen, og i 1825 gav han ut boka Chants français ('Franske songar') der han sette musikk til femti songar av ulike forfattarar. Hans Essais et vers og et prose ('Essay i poesi og prosa', 1797) som inneheldt «Marseillaisen», ei sentimental prosaforteljing kalla «Adelaide et Monville», og ein del mindre dikt.

Død[endre | endre wikiteksten]

Rouget de Lisle døydde i fattigdom i Choisy-le-Roi i Seine-et-Oise.[2] Leivningane hans vart overførte frå kyrkjegarden i Choisy-le-Roi til Les Invalides i Paris den 14. juli 1915 under den fyrste verdskrigen.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Familietre Rouget
  2. Davies, Norman (1998): Europe: A history, Harper Perennial
  3. «The Marsellaise. Honouring its autho»r, Hawera & Normanby Star 26. oktober 1915, ved National Library of New Zealand
  4. «Tribute to Composer», The Argus (Australia), 16. juli 1915, s. 7, hos Trove, National Library of Australia