Claude Elwood Shannon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Claude Shannon)
Hopp til navigering Hopp til søk
Claude Elwood Shannon
ClaudeShannon MFO3807.jpg
Fødd30. april 1916
Det amerikanske flagget Michigan, USA
Død24. februar 2001
Det amerikanske flagget Massachusetts, USA
BustadFlag of the United States.svg USA
StatsborgarskapAmerikansk
NasjonalitetUSA
Områdesannsynsrekning, Elektrofag, informasjonsteori, kybernetikk, kryptografi
Yrkematematikar, kryptograf, informatikar, oppfinnar, sykkelryttar, universitetslærar
InstitusjonarMassachusetts Institute of Technology
Bell Laboratories
Alma materUniversity of Michigan
Massachusetts Institute of Technology
DoktorgradsrettleiarFrank Lauren Hitchcock
DoktorgradsstudentarIvan Sutherland
Bert Sutherland
Heinrich Ernst
Kjend forInformasjonsteori
Nyquist–Shannons samplingsteorem
Shannon-Weaver-modellen
EktefelleBetty Shannon
MedlemRoyal Society
American Academy of Arts and Sciences
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
American Philosophical Society
National Academy of Sciences

Claude Elwood Shannon (30. april 191624. februar 2001) var ein USA-amerikansk matematikar og informasjonsteoretikar. Han blir rekna som grunnleggjaren av informasjonsteorien med ein artikkel utgjeven i 1948.

I 1932 vart han oppteke ved University of Michigan, der han tok eit kurs som introduserte han til arbeid av George Boole. Han vart uteksaminert i 1936 med to bachelorgradar, ein i elektroteknikk og ein i matematikk. Deretter byrja han ved Massachusetts Institute of Technology (MIT), der han blant anna arbeidde med ein analog datamaskin.

Allereie i 1937, som 21-årig mastarstudent ved MIT, skreiv han ei avhandling som viser at elektrisk bruk av boolsk algebra kunne nyttast til å konstruere og løyse ein kva som helst logisk, numerisk samanheng. På grunn av dette er han tilskriven som grunnleggjar av både datamaskinteori og digital kretsteori. I følgje nokon var dette den viktigaste, og òg den mest berømte, masteravhandlinga på 1900-talet. Shannon publiserte i 1948 ein generell teori som dannar grunnlaget for seinare arbeid innan informasjonsteorien, der han innførte eit mål for informasjon, bit, og frå dette utgangspunktet studerte overføringskapasiteten av kommunikasjonssystem, metodar for optimal koding av signal og informasjonsinnhaldet i ulike meldingstypar.

Samplingsteoremet[endre | endre wikiteksten]

Formelt heiter teoremet Nyquist–Shannons samplingsteorem, og det lyder:

Viss ein funksjon x(t) ikkje inneheld frekvensar høgare enn B Herz, så er han fullt avgjort ved å angje ordinatane som ein serie av punkt som ligg 1/(2B) sekund frå kvarandre.

Det gjev utvekslingsforholdet mellom bandbreidde, støy og signal i ein transimisjonskanal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]