Claus Neergaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Claus Neergaard
Fødd 18. juli 1911
Død

22. desember 1990

Yrke politikar

Claus Marius Neergaard (18. juli 191122. desember 1990) var ein norsk jurist og byråkrat frå Kristiansund som representerte ArbeidarpartietStortinget 1961-65.

Neergaard var son til ein kjøpmann. Han utdanna seg ved Oslo kommunale handelsskole og vart i 1936 cand.jur. frå universitetet. Det neste tiåret var han sakførar i heimbyen. I 1946 fekk han stillinga som kontorsjef og styrar av Husbanken sin filial for Nordmøre og Romsdal, ein jobb han hadde til 1965. Han vart då tilsett direktør i Studieselskapet for Nordmøres Næringsliv, samstundes som han tok opp att advokatpraksisen i Kristiansund.

Valperioden 1961-65 var Neergaard stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal og for Arbeidarpartiet. Dei fire åra var han sekretær i Protokollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]