Romsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Møre og Romsdal fylke. Romsdal framheva i raudt.

Romsdal er distriktet kring Romsdalen og Romsdalsfjorden som utgjer den midtre delen av Møre og Romsdal fylke. Saman med Sunnmøre og Nordmøre er Romsdal eitt av dei tre tidlegare fogderia som utgjer det som i dag er Møre og Romsdal fylke (tidlegara kalla Romsdals amt).

I Romsdal er det i dag åtte kommunar; Molde, Vestnes, Rauma, Nesset, Midsund, Sandøy, Aukra og Fræna. Romsdal har ei flatevidd på kring 3800 km² og ei folkemegd på kring 57 000 (2010).

Namnet kjem frå norrønt Raumsdalr, truleg avleidd frå elvenamnet Rauma. Personar frå Romsdal vert kalla for romsdalingar.

Målføre[endre | endre wikiteksten]

Dialekten i Romsdal, kalla Romsdaling, vert til vanleg klassifisert blant dei nordlege e-måla av vestnorske målføre, men ber òg preg av naboskapet med trøndske målføre og fjellbygdmål.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]