Cobblers Cove
Cobblers Cove | |
Skomakerhullet | |
vik | |
Land | ![]() |
---|---|
Koordinatar | |
Administrert under | Antarktistraktaten |
Cobblers Cove er ei lita vik med ein ankerplass 0.5 nautiske mil vest for innløpet til Godthul, langs nordkysten av Sør-Georgia. Ho vart kartlagd og namngjeven Pleasant Cove av eit lag frå Discovery Investigations i 1929, men dette namnet var ikkje i bruk lokalt. South Georgia Survey, 1951–52, rapporterte at vika av kval- og selfangarar vart kalla «Skomaker Hullet» (cobbler's cove), fordi ho først vart vitja i tjukk tåke av ein norsk skyttar som ein gong hadde vore skomakar. Det engelske namnet på vika er det godkjende namnet.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cobblers Cove» (innhald frå Geographic Names Information System).
|