Godthul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Godthul
bukt
M/S «Expedition» i Godthul
Land  Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°17′S 36°18′W / 54.283°S 36.300°W / -54.283; -36.300
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Godthul
54°17′00″S 36°18′00″W / 54.2833°S 36.3°W / -54.2833; -36.3
Historiske og moderne busetnader på Sør-Georgia med Godthul
Historiske og moderne busetnader på Sør-Georgia med Godthul
Historiske og moderne busetnader på Sør-Georgia med Godthul
Godthul is located in Antarktis
Godthul (Antarktis)
Wikimedia Commons: Godthul

Godthul er ei bukt mellom Cape George og Long Point på nordkysten av Sør-Georgia mellom Cumberland East Bay og Ocean Harbour. Namnet Godthul går attende til perioden 1905–12, og vart truleg nytta av norske sel- og kvalfangarar som arbeidde i området.

I 1908 etablerte Bryde & Dahls Hvalfangerselskap eit flytande kvalkokeri i bukta, og Godthul var den einaste staden på Sør-Georgia under kvalfangsttida der det ikkje var slakting og koking av kval på land. Det vart bygt kai, eit par skur og eit vassverk på land.[1]

I perioden 1917-22 var den inga verksemd i Godthul, då det flytande kokeriet vart flytta til Sør-Shetlandsøyane. I løpet av 1920-åra gjekk fangsten ned og utstyr til selskapet var i ferd med å bli forelda. I tillegg vart lisensen til selskapet til å drive kvalfangstverksemd på Sør-Georgia i ferd med å gå ut. Drifta i Godthul vart avvikla i 1929.

Godthul fekk namnet sitt etter ei bukt på øya Veierland i Vestfold.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tom Schandy (2001). Syd Georgia - kongenes øy. Tønsberg. s. 32.