Coldingham Bay

Koordinatar: 55°53′33″N 2°07′58″W / 55.89246°N 2.13268°W / 55.89246; -2.13268
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Panorama av Coldingham Sands frå Homeli Knoll, landsbyen St Abbs er så vidt synleg over neset.

Coldingham Bay er ei bukt på kysten av Nordsjøen, tre kilometer nord for byen Eyemouth i Scottish Borders i Skottland.

Stranda[endre | endre wikiteksten]

Coldingham Sands er namnet på ei stor strand i bukta, som trekkjer til seg mange vitjande. På travle dagar kan det vere over 1000 menneske her.[1] Coldingham Sands har vunne prisar som ei kvalitetsstrand, noko som ikkje er så ofte å sjå på den berglendte kysten i området her. Området har ein landleg karakter og er roleg og lite utvikla.

Stranda er om lag 200 meter brei og ligg lunt til mellom nesa i nord og sør (Yellow Craig Head). Stranda vert nytta til mellom anna surfing og her finst badevakter i den travlaste sommartida. Nord på stranda står 55 strandhytter, og ein meiner at nokre av desse er over 100 år gamle.[2] Området oppfor hyttene er privat grunn, og her ligg òg Dunlaverock House hotell.[3][4]

Nordsida av stranda med strandhyttene, Dunlaverock House hotell og St Abb’s Haven Hotel.

Bukta og området rundt[endre | endre wikiteksten]

Coldingham Bay ligg i St. Abbs and Eyemouth Voluntary Marine Reserve, eit naturreservat, som igjen er ein del av Berwickshire og North Northumberland verneområde. Området rundt bukta har eit yrande sjøliv med mange forskjellige sjødyr og sjøvokster.

Berwickshire kyststi går rundt bukta mellom St Abbs og Eyemouth.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Scottish Borders Council. (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 6. juni 2011, henta 11. januar 2010 
  2. Berwickshire News., arkivert frå originalen 1. februar 2008, henta 11. januar 2010 
  3. "The Scottish Beach Award Guide".
  4. Keep Scotland Beautiful.[daud lenkje].

55°53′33″N 2°07′58″W / 55.89246°N 2.13268°W / 55.89246; -2.13268