Cole Channel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cole Channel
sund
På dette flyfotoet over ein del av austkysten av Adelaide Island er Cole Channel vatnet ein ser i framgrunnen, føre Sighing Peak.
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 67°22′S 67°50′W / 67.367°S 67.833°W / -67.367; -67.833
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Cole Channel
67°22′00″S 67°50′00″W / 67.3667°S 67.8333°W / -67.3667; -67.8333
Cole Channel is located in Antarktis
Cole Channel (Antarktis)

Cole Channel er eit sund som går frå nord til sør mellom Wright Peninsula ved Adelaide Island og Wyatt Island i Laubeuffjorden, utanfor Loubet Coast i Antarktis. Det vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee i 1984 etter kaptein Maurice John Cole, som var kaptein på skipet til British Antarctic Survey, «Bransfield» frå 1975. Cole tente tidlegare som offiser på «John Biscoe» og RRS «Shackleton» i fleire sesongar mellom 1960 og 1972.

Cole Channel vert stundom rekna som ein del av Laubeuffjorden, sidan desse ikkje er tydeleg fråskilde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]