Laubeuffjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 67°20′S 67°50′W
Laubeuffjorden
fjord
Antarctica (6), Laubeuf Fjord, Webb Island.JPG
Laubeuffjorden sett frå Wormald forlandsbreAdelaide Island. I midten er Webb Island; til venstre for denne og lenger bak er Wyatt Island. Fjella i bakgrnuen er alle på Arrowsmith Peninsula på det antarktiske fastlandet, og utgjer austkysten av fjorden.
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Koordinatar 67°20′S 67°50′W
Lengd 40 km
Administrert under Antarktistraktaten
Laubeuffjorden is located in Antarktis
Laubeuffjorden (Antarktis)
Wikimedia Commons: Laubeuf Fjord
Ein del av vestkysten av Laubeuffjorden består av isklippene frå Wormald forlandsbreWright Peninsula på Adelaide Island.
Stonehouse Bay ligg på vestsida av Laubeuffjorden. I det øvre høgre hjørnet ligg Shamblesbreen. Klikk på biletet for ei skildring av andre geografiske kjennemerke.

Laubeuffjorden er ein 40 km fjord i Antarktis som ligg mellom den austlege sentrale delen av Adelaide Island og den sørlege delen av Arrowsmith Peninsula i Graham Land. Han knyt Hanusse Bay i nord til Marguerite Bay i sør. Den sørlege grensa mellom Laubeuffjorden og Marguerite Bay består av linja mellom Rothera Point, Adelaide Island og Cape Sàenz, som er det sørlegaste neset på Arrowsmith Peninsula[1]. Fjorden vart oppdaga av Den franske antarktisekspedisjonen, 1908-10. under Jean-Baptiste Charcot, og vart namngjeven av han etter Maxime Laubeuf, ein fransk skipsmaskinist som hadde oppsyn med motoren for skipet «Pourquoi-Pas»[2].

Det ligg fleire øyar i Laubeuffjorden. Den største og nordlegaste av desse er Day Island, etterfølgd av Wyatt Island litt lenger sør. Enno lenger sør ligg den mindre Webb Island og Pinero Island. Det ligg òg fleire mindre skjer og holmar i fjorden, som Brockhamp Islands, Covey Rocks og Killingbeck Island[3].

Fleire store isbrear kalvar i Laubeuffjorden. Frå Arrowsmith Peninsula er desse Wardbreen, Vallotbreen og Nyebreen. Frå Adelaide Island kjem den store Shamblesbreen som endar ved Stonehouse Bay, ei stor bukt på vestsida av Laubeuffjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://data.aad.gov.au/aadc/gaz/display_name.cfm?gaz_id=109754
  2. This article incorporates public domain material from US Geological Survey document «Laubeuffjorden» (content from the Geographic Names Information System)
  3. British Antarctic Survey topographic map (Satellite Image Map) SQ 19-20/14 (Extended), Edition 1, 2010. Adelaide Island and Arrowsmith Peninsula, Scale 1:250.000