Collett & Leuch
Utsjånad
Collett & Leuch var eit norsk handelshus i Christiania, skipa før 1716 av Peder Mortensen Leuch (1692–1746) og Peter Collett (1694–1740). Firmaet endra namn til Collett & Søn i 1786.
Handelshuset hadde store interesser i trelasteksport og åtte skogområde og sagbruk i tillegg til industri. Ved Akerselva dreiv dei mellom anna Glads mølle og Bentse Brug i åra 1748–1789/1798.
Firmaet var og med blant dei som gav pengar slik at det vart mogleg å skipa Det Kongelige Frederiks Universitet - Universitetet i Oslo.
Drifta ved Collett & Leuch opphøyrde i 1821.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, side 130, ISBN 978-82-573-1760-7
- Alf Collett: Familien Collett, efterretninger digital utgave, bl.a. s.16
- Alf Collett: En gammel Christiania-Slægt, Christiania, Cammermeyer 1888.
- Denne artikkelen bygger på «Collett & Leuch» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mai 2014, revisjon