Colored People

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Colored People»
Singel av dc Talk
frå albumet Jesus Freak
Utgjeve 1996
Innspelt 1995
Sjanger Pop, rock
Lengd 4:26
Selskap ForeFront Records, Virgin Records
Låtskrivar(ar) Toby McKeehan, George Cocchini
Produsent Toby McKeehan, Mark Heimermann, John Mark Painter
dc Talk-kronologi
«Like It, Love It, Need It» (1996) «Colored People» «In the Light»
(1996)


«Colored People» er ein song av det USA-amerikanske bandet dc Talk. «Colored People» var med på plata Jesus Freak frå 1995 og kom ut på singel i 1996.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

«Colored People» er ein pop-rocksong som startar med eit elektrisk gitarriff. El-gitaren går meir i bakgrunnen når songen tek til, og songen blir basert på akustisk gitar med innslag av strykarar innimellom. Kevin Max Smith syng versa, medan alle tre medlemmene syng refrenget saman, med Michael Tait på melodistemma. Etter to vers og to refreng kjem ein bridge, og etter det, ein kort rap av Toby McKeehan før refrenget blir gjenteke endå ein gong.

Teksten handlar om å setja pris på variasjon av alle slags hudfargar og å fremja einskap og likskap. Det menneskelege samfunnet blir samanlikna med eit kaleidoskop med hudfargar i andre verset. Refrenget understrekar at det ikkje berre er "dei farga" som er farga, men at vi alle er farga menneske - "colored people", som alle må dela på denne jorda og alle er avhengige av ein heilag nåde. [1]

dc Talk, som var ein trio med to kvite og ein afro-amerikanar, tok ofte for seg antirasistiske bodskapar i songane sine.

Respons[endre | endre wikiteksten]

Då singelen kom ut i 1996 fekk han positiv omtale frå musikkritikarane. Redaktøren i Entertainment Weekly, Laura Jamison skreiv at Jesus Freak "kombinerer røff vokal, agressivt gitarspel og solid tekstforfattarskap, særleg på «Colored People» og på det hese, rustne tittelsporet." [2] Magasinet Billboard rekna «Colored People», «Between You and Me» og «Jesus Freak» som avgjerande for å skubba dc Talk ut i mainstream-musikken i USA. [3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Welcome to the Freak Show tok dc Talk med ein live-versjon av «Colored People». Songen er også med på samleplata Intermission: the Greatest Hits og på fleire seinare plater.

I 2006 vart det gjeve ut eit tributtalbum til dc Talk med tittelen Freaked!. Her syng Ayiesha Woods, The Gotee Brothers og John Reuben ein coverversjon av «Colored People».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]