Columbi egg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Columbi egg, framstilt av William Hogarth.
Minnesmerke for oppdaginga av Amerika av Columbus i form av eit egg i Sant Antoni de Portmany, Ibiza, Spania.

Columbi egg viser til ei enkel, men inspirert løysing på eit innvikla problem.[1] Det har namn etter ei soge der Christofer Columbus skal ha banka eit egg i bordet slik at det blei ståande utan å falla. Uttrykket er òg nytta i diskusjonar om kreativitet.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til forteljinga er truleg eldre enn Columbus, og finst i ei bok av den italienske arkitekten og kunsthistorkaren Giorgio Vasari.[3] Ifølgje Vasari skal den unge arkitekten Filippo Brunelleschi ha designa ein uvanleg stor og tung kuppel for Santa Maria del Fiore, domkyrkja i Firenze. Styresmaktene bad om å få sjå modellen hans, men han nekta, og føreslo i staden at dersom ein ville vurdera intellektet til ein mann, la han få eit egg til å stå oppreist på eit flatt bord av marmor. Den som kunne gjera det burde få byggja cupola (kuppelen). Dei andre arkitektane freista, men gav opp. Då skal Brunelleschi ha knust egget litt i den eine enden slik at det stod oppreist. Då dei andre arkitektane såg dette sa dei at det var noko dei òg kunne klart. Brunelleschi skal då ha svart «Ja, men de gjorde det ikkje!», og føydde til at dei òg hadde kunna oppføra kuppelen om dei hadde sett teikningane hans.

Då katedralen til sist vart bygd hadde kuppelen form som den eine halvparten av eit egg, noko flatare på toppen.[4]

Uttrykket har òg utvikla seg til å ha ei tilknyting til Christofer Columbus, og fått namn etter dette. Denne versjonen kan ha opphav hjå den italienske historikaren og reisande Girolamo Benzoni og hans Historia del Mondo Nuovo, utgjeve i 1565: I eit selskap i 1493 hos kardinal Mendoza der Columbus deltok, var det fleire som meinte at han ikkje hadde utretta nokon stor bragd ved å oppdaga Den nye verda, for det var ei oppdaging som var leikande lett og som mang ein annan kunne ha gjort.[5] Han oppfordra då dei som var tilstades til å få eit egg til å stå på høgkant. Då ingen av dei utfordra fekk det til, banka han egget litt flatt i eine enden, og fekk egget til å stå. Poenget er at sjølv om ideen var enkel, var det likevel eit spørsmål om å koma på han.

I Sør-Amerika finst historia i ein litt annan versjon: Colombus kakka ikkje på egget, men sette det ned i ein liten haug av salt.

Anekdoten er nærskyld med historia om den gordiske knuten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «columbi egg» i Bokmålsordboka.
  2. Kant, Immanuel (1790): Critique of Judgement, Book II, «Analytic of the Sublime», s. 43, fn.1: «In my part of the country, if you set a common man a problem like that of Columbus and his egg, he says, 'There is no art in that, it is only science': ie you can do it if you know how; and he says just the same of all the would-be arts of jugglers.»
  3. Giorgio Vasari (1550): Le Vite de' più eccellenti pittori, scultori, e architettori da Cimabue insino a' tempi nostri («Livene til de mest framragende malere, skulptører, og arkitekter»), Firenze
  4. Gardner, Martin (Mai–juni 1996): «The great egg-balancing mystery» i: Skeptical Inquirer 20 (3). Arkivert fra originalen den 3. april 2008.
  5. Benzoni, Girolamo (1565): Historia del Mondo Nuovo, Venezia. Engelsk oversettelse som History of the New World, Hakluyt Society, London, 1857.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]